Agunnaryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°44′59.298″N 14°8′49.355″E Agunnaryd er ein tettstad i Ljungby kommun i Kronobergs län i Småland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 215 innbyggjarar.

Busetnad og arbeidsliv[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden i Agunnaryds, som òg blir kalla Bråna, er samla vest for gjennomfartsvegen. Han består framfor alt av einebustader av varierande alder.

Dei fleste innbyggarane er pendlarar med arbeidsstad i Ljungby, men òg i Liatorp og Älmhult. Det er ca. 100 arbeidsplassar på staden, hovudsakleg innan produksjon og utdanning. I Agunnaryd finst det mellom anna ein landhandel, trelast- og byggefirma.

Agunnaryd var eit av dei områda som i juni 2005 blei hardast råka av ekstremvêret Gudrun.[1]

IKEA[endre | endre wikiteksten]

Agunnaryds mest kjent firma er IKEA. Selskapet har opphavet sitt i Agunnaryd, der det blei grunnlagt i 1943 av Ingvar Kamprad i Älmtaryd, Agunnaryd og i 1953 flytta til Älmhult, der det voks seg stort. I tida i Agunnaryd var det berre eit mindre postordrefirma. A-en i IKEA står for Agunnaryd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://mobil.svt.se/svt/jsp/Crosslink.jsp?d=52511&a=1018008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]