Ahmad Ibn Fadlan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ahmad ibn Fadlān ibn al-Abbās ibn Rāšid ibn Hammād (arabisk أحمد بن فضلان بن العباس بن راشد بن حماد‎) var ein arabisk diplomat og forfattar som levde på 900-talet. Han er kjend for reiseskildringa Risala som han skreiv etter ei reise som utsending for den abbasidiske kalifen i Bagdad til kongen til volga-bulgarane i 921 til 922. I skriftet er det med ei eineståande augnevitneskildring av bålferda til ein hovding hjå det som ofte vert tolka som ei gruppe vikingar med svensk opphav.[1]

Ibn Fadlan i moderne kultur[endre | endre wikiteksten]

Ibn Fadlan si skildring inspirerte Michael Crichton si bok Eaters of the Dead (1976) som blei filmatisert i 1999 som Den 13. krigeren (The 13th Warrior).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vera Henriksen (1984) Verdenstreet : mennesker og makter i Odins tid, s. 142 – Aschehoug, Oslo [Omsetjing til norsk av bolken om bålferda].