Ahr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ahr
Utspring Eifel
- Høgd 520 m
Munning Rhinen
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 86 km
Nedslagsfelt ±900 km²

Ahr er ei elv i Nordrhein-Westfalen og Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 86 km. Ho har sitt utspring i ei høgd på 520 meter over havet i Blankenheim i Eifelfjella i kjellaren på eit bindingsverkshus nær slottet i Blankenheim. Etter 18 km kryssar ho grensa frå Nordrhein-Westfalen til Rheinland-Pfalz.

Ahr renn gjennom byane Schuld, Altenahr og Bad Neuenahr-Ahrweiler. Mellom Remagen og Sinzig (sør for Bonn) i om lag 50 meter over havet, munnar ho ut i Rhinen. Ahr har ein hellingsgrad på 0,4 % i dei nedre områda og 0,4-0,8 % i øvre lei.

Kjelda til Ahr i Blankenheim

Ahr og sideelvane drenerer vatn frå dei austlege områda av Eifel, og har eit nedslagsfelt på om lag 900 km². Sidelvane til Ahr (frå munningen til kjelda) er Harbach, Hellenbach, Bachemer Bach, Leimersdorfer Bach, Liersbach, Vischelbach, Sahrbach, Kesselinger Bach, Armuthsbach, Dreisbach, Eichenbach, Adenauer Bach, Trierbach og Ahbach.

Det var isolerte busetnadar i Ahrdalen i romarrtida, og sidan ho er forholdsvis isolert var det berre spreidd folkesetnad i området. Det endra seg på midten av 1800-talet då busetnadane utvikla seg og trafikken på elva auka. Ahrdalen er eit av dei beste vinområda i Tyskland.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ahr

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Sideelvar til Rhinen
Frå venstre:

Vorderrhein | Thur | Töss | Glatt | Aare | Ergolz | Birs | Birsig | Ill | Sauer | Lauter | Queich | Speyerbach | Rehbach | Isenach | Eckbach | Eisbach | Pfrimm | Selz | Nahe | Mosel | Nette | Brohlbach | Ahr | Erft |

Frå høgre:

Hinterrhein | Landquart | Ill | Dornbirner Ache | Bregenzer Ache | Argen | Schussen | Radolfzeller Aach | Wutach | Murg | Wehra | Wiese | Elz | Kinzig | Rench | Acher | Murg | Federbach | Alb | Pfinz | Kraichbach | Saalbach | Neckar | Weschnitz | Modau | Main | Wisper | Lahn | Wied | Sieg | Wupper | Düssel | Ruhr | Emscher | Lippe | Oude IJssel | Berkel | Schipbeek