Ahti Karjalainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ahti Karjalainen

Fødd10. februar 1923
Hirvensalmi
Død7. september 1990 (67 år)
Statsborgar avFinland
PartiCentern i Finland
Yrkepolitikar, diplomat, bankier
Utdanna vedHelsingfors universitet
BarnKukka-Maaria Karjalainen
Alle verv
  • Finlands statsminister (1962–1963)
  • medlem av Finlands riksdag
  • Finlands statsminister (1970–1971)
  • Governor of the Bank of Finland (1982–1983) Sjå dette på Wikidata

Ahti Kalle Samuli Karjalainen (10. februar 19237. september 1990) var ein finsk politikar frå Hirvensalmi, medlem av Centern.

Karjalainen var son til ein gardbrukar, og utdanna seg til jurist. I 1950 fekk han posisjonen som statsminister Urho Kekkonen sin personlege sekreter, ei stilling han hadde til Kekkonen seks år seinare vart president i Finland. Dei neste tjue år åra veksla Karjalainen m ellom mange av dei viktigaste regjeringspostane i Finland.

Karjalainen var statsminister i Finland frå 13. april 1962 til 18. desember 1963, og på ny 15. juli 1970 til 29. oktober 1971. Utanriksminister var han 1961, 1964–70 og 1972–75. I tida 1966-79 var han medlem av den finske riksdagen, vald frå krinsen Mikkeli-Land.

Frå februar 1982 var Karjalainen sjef for den finske nasjonalbanken. Den 13. mai 1983 oppfordra den finske presidenten, Mauno Koivisto, han om å gå av «til gode for allmenta». Karjalainen etterkom oppfordringa, han var ved den tid alkoholikar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]