Aiguille du Dru

Koordinatar: 45°55′58″N 6°57′23″E / 45.93278°N 6.95639°E / 45.93278; 6.95639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aiguille du Dru
fjell
Aiguille du Dru (venstre) sett som ei fortsetjing av den vestlege ryggen til Aiguille Verte (øvst i midten)
Land  Frankrike
Fjelltype Granitt
Fjellkjede Mont Blanc-massivet i
Dei graiiske Alpane
Høgd 3 754 moh.
Førstestiging Clinton Thomas Dent, J.W. Hartley,
Alexander Burgener og Kaspar Maurer
 - dato 12. september 1878
Koordinatar 45°55′58″N 6°57′23″E / 45.93278°N 6.95639°E / 45.93278; 6.95639
Kart
Aiguille du Dru
45°55′58″N 6°57′23″E / 45.932777777778°N 6.9563888888889°E / 45.932777777778; 6.9563888888889
Wikimedia Commons: Les Drus

Aiguille du Dru (òg kalla Dru eller Drus) er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane. Fjellet har to toppar:

  • Grand Aiguille du Dru (eller Grand Dru) 3 754 m og
  • Petit Aiguille du Dru (eller Petit Dru) 3 733 m.

Dei to toppane ligg på vestryggen av Aiguille Verte (4 122 m) og er forbunde til kvarandre av Brèche du Dru (3 697 m).

Den første stiginga av Grand Dru var av dei britiske fjellklatrarane Clinton Thomas Dent og J.W. Hartley, i lag med dei sveitsiske fjellførarane Alexander Burgener og Kaspar Maurer, som klatra opp søraustsida 12. september 1878.

Petit Dru vart klatra det påfølgjande året, den 29. august 1879 av J.E. Charlet-Straton, P. Payot og F. Follignet via sørsida og sørvestryggen. Den første stiginga av begge toppane vart gjort av E. Fontaine og J. Ravanel 23. august 1901. Nordsida, ei av dei seks store nordsidene i Alpane, vart først klatra av Pierre Allain og R. Leininger 1. august 1935.

Aiguille Verte (i midten) og Aiguille du Dru (høgre) sett frå Aiguilles Rouges i juli 2004

Den italienske fjellklivaren Walter Bonatti klatra ei vanskeleg rute aleine på det sørvestlege bergfestet til Petit Dru (Bonatti Pillar) i august 1955. Denne ruta eksisterer ikkje lenger på grunn av store steinras i 1997, 2003 og 2005, og merka etter raset er synlege frå Chamonixdalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]