Aiguilles Rouges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aiguilles Rouges (Raude nåler) er eit krystallinsk fjellmassiv nord i Alpane, ovanfor Mont Blanc-massivet. Namnet kjem av den karakteristiske fargen til granitt, som får eit raudskjer i morgonlyset. Den høgaste toppen i massivet er Aiguille du Belvédère på 2 965 m. Le Brévent (2 525 m) ligg sør i fjellkjeda, og her kan ein kome til topps via ei kabelvogn.

I motsetnad til Mount Blanc-massivet, har ikkje Aiguilles Rouges isbrear. Det alpine stadiet byrjar rundt 1 800 meter med grove steinblokker, og over her stikk ei rekkje nåler ut, frå Col des Montets til Brévent. Den nordvestlege delen av massivet har mindre vegetasjon sidan det får mindre sollys. Den andre sida har mykje rikare vegetasjon, mellom anna soldogg, martagonlilje og orkidéar. For å verne om denne fjellkjeda vart Réserve naturelle des aiguilles Rouges oppretta i 1974 og dekkjer 32,79 km².

Frå Aiguilles Rouges har ein eit flott utsyn over toppane i Chamonix, isbreane på Mont Blanc og dei vestlege delane av Alpane. Den franske målaren Samivel måla Mont Blanc frå her. Den høgaste toppen i fjellkjeda inneheld ordet Belvédère (som tyder «vakkert utkikkspunkt») fordi ein har 360° utsyn til dei omliggande fjella. Passet mellom Flégère og Planpraz, ved foten Aiguilles Rouges, vert kalla Grand Balcon Sud (Den store sørlege balkongen).

I den austlege delen av massivet ligg det fleire fjellvatn, mellom anna Lac Blanc ved foten av Aiguille Belvédère.

Dei største klatreskulane i Chamonix ligg i massivet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]