Ailo Mikkelsen Gaup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ailo Gaup under ein konkurranse

Ailo Mikkelsen Gaup (fødd 22. januar 1979 i Tromsø) er ein norsk freestyle motocross-køyrar.

Oppvekst og skulegang[endre | endre wikiteksten]

Ailo Gaup er fødd i Tromsø og voks opp der, i Máze (Masi) i Kautokeino kommune og i Alta. Han er son av forfattaren Laila Stien. Som 10-åring selde han fisk og målte hus for å få råd til ein 80ccm motocross-sykkel. Som sekstenåring flytta han til Oslo for å gå på motocrosslinja ved Norges Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum.

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

I dag er «Ice ein», som han blir kalla, busett i Kongsberg, der han har budd sidan 2000. Han byrja med freestyle motocross to år tidlegare, vann noregsmeisterskapen, og frå 2001 deltok han i internasjonale konkurransar. Gaup køyrde for produsenten Honda med ein Honda CR 250. Han har sin eigen bane på Lampeland i Flesberg kommune, der han òg har bygd seg sitt eige skumgummibasseng[1]. I Noreg er det berre to slike basseng, og begge er private.

Ailo Gaup har vunne alle noregsmeisterskap i greina FMX og vann òg NM i motocross-speedcross i 2004, fleire år etter at han slutta med tradisjonell motocross. Han var ein av dei første i verda til å utføre ein baklengs salto med motorsykkel i 2003. og han er den første europeiske føraren som utførde ein backflip. Han var òg den første som utvida distansen på backflipen frå superkicker til lange distansar. I 2004 oppfann Gaup trickset Underflip. Enno er det eit av dei vanskelegaste tricksa i FMX. Underflip blir no òg gjort i BMX og trickset finst i ei rekkje TV-spel.

Gaup har vunne alle norske meisterskapar som har vore arrangert i FMX, og han vann World cup i 2003 og i 2004 og dessutan verdsmeisterskapen i FMX i 2004, og i 2007. Siste delen av VM-serien 2007 køyrde han med ope brot i handa og ei skulder som heile tida gjekk ut av ledd. Brotet sette Gaup sjølv på plass, etter først å ha drege leddet på plass rett etter ein krasj i skumbassenget. 17. november 2007 vann han han nest siste VM-runden i Mannheim i Tyskland, og dermed kunne ingen ta han igjen i VM-samandraget[2]. Skadelista hans er lang, og han har tilsaman brote 35 bein, komprimert ryggen og nakken, brote tenner, vore døden nær med indre blødningar frå punktert lunge og skada nyre og milt. Han er den einaste nordmannen som nokon gong har konkurrert i freestyle motocross i X-games i USA. Gaup var på midten av 2000-talet med å dominere Dew-Tour USA, verdas på den tida største ektremsportturnering, saman med Kenny Bartram, Travis Pastrana, Jeremy Stenberg og Nate Adams.

Under X-games i 2006 skada Gaup seg etter at ein kvervelvind tok tak i sykkelen medan han var opp-ned. Etter ein hasteoperasjon av Nikes oklespesialistar vart det konstatert så store skadar at det var fare for at beinet måtte amputerast. Åtte månader seinare tok Gaup fatt på VM sesongen og vann VM-gullet hausten 2007.

2008-sesongen vart litt spolert i starten på grunn av ein skulderoperasjon Gaup fekk utført i januar. Dei første VM-rundane i FMX gjekk utan at han var med. Han satsa på å vere tilbake i form i sitt eige arrangement Ailo Invitational på Bislett Stadion 14. juni 2008[3].

Hausten 2009 erklærde Gaup FMX-karrieren for avslutta. Han grunngav dette med at han "må ta vare på ein skrøpeleg kropp", med klår referanse til dei mange skadane han har pådrege seg som FMX-utøvar i den absolutte verdseliten.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]