Ain't Too Proud to Beg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ain't Too Proud to Beg
Singel av The Temptations
frå albumet Gettin' Ready
B-side «You'll Lose a Precious Love»
Utgjeve 3. mai 1966
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 4. og 11. januar 1966
Sjanger Soul
Lengd 2:35
Selskap Gordy
G 7054
Låtskrivar(ar) Norman Whitfield, Edward Holland, Jr.
Produsent Norman Whitfield
The Temptations-kronologi
«Get Ready»
(1966)
Ain't Too Proud to Beg «Beauty is Only Skin Deep»
(1966)
Ain't Too Proud to Beg
Singel av The Rolling Stones
frå albumet It's Only Rock 'n' Roll
Utgjeve 25. oktober 1974
Innspelt Musicland Studios, München i Tyskland; november 1973
Sjanger Rock
Lengd 3:31
Selskap Rolling Stones
Produsent The Rolling Stones
The Rolling Stones-kronologi
«It's Only Rock'n Roll (But I Like It)»
(1974)
Ain't Too Proud to Beg «Fool to Cry»
(1976)

«Ain't Too Proud to Beg» er ein song av The Temptations frå 1966, produsert av Norman Whitfield og skriven av Whitfield og Edward Holland, Jr. Songen nådde 13. plass på den amerikanske poplista og førsteplassen på R&B-lista, der han låg åtte veker i strekk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Motown gjorde det slik at produsenten som hadde hatt den største hitten med ei gruppe vart hovudprodusenten for denne gruppa, og fekk førstevalet då nye singlar skulle veljast av kvalitetskontrollavdelinga til Motown. I 1966 hadde låtskrivaren og produsenten Smokey Robinson fått kreativ kontroll over The Temptations etter fleire hitsinglar som «The Way You Do the Things You Do», «My Girl» og «Since I Lost My Baby».

Norman Whitfield, ein framgangsrik låtskrivar og produsent i Motown som hadde hatt suksess med Marvin Gaye og The Velvelettes, hadde arbeidd med the Temptations på singlar som «Girl (Why You Wanna Make Me Blue)» (1964) og trakta etter å ta over rolla til Robinson som produsenten deira. Då han omsider hadde fått laga ein instrumental song han meinte var bra nok, hyrte Whitfield tekstforfattaren Edward Holland, Jr. (frå Holland-Dozier-Holland) for å skrive teksten til instrumentalen. Sjølv om Holland ikkje trudde Whitfield hadde sjanse til å ta over for Robinson (som mellom anna var ein god ven av administrerande direktør i Motown, Berry Gordy), skreiv han teksten til songen som fekk namnet «Ain't Too Proud to Beg».

The Temptations var nøgd med songen, og følte at den blues-inspirerte melodien og dei James Brown-liknande blåsarane var ei utvikling av stilen deira. David Ruffin song solovokal på songen, og Whitfield tok med seg innspelinga til kvalitetskontrollavdelinga i Motown.

Etter to møter vart ikkje songen vald ut. Han vart omtalt som bra, men mangla meir fylde. Whitfield gjorde så ei tredje innspeling av songen med eit anna arrangement for vokale til David Ruffin. Han plasserte vokalen så høgt som det var mogeleg for Ruffin å gå, slik at han verkeleg måtte presse på alt han hadde for å klare å gjennomføre songen. Temptations og Whitfield var no sikre på at dei hadde ein stor hit på gang, men då både «Ain't Too Proud» og «Get Ready», ein Temptations-song skriven og produsert av Smokey Robinson med Eddie Kendricks på solovokal, dukka opp på det same kvalitetskontrollmøtet, vart songen til Robinson vald ut, sidan det var slik praksisen var med Robinson som hovudprodusent for bandet. Whitfield var skuffa over avgjersla, men fekk ein lovnad om at viss ikkje «Get Ready» nådde Topp 20 på poplista, så skulle «Ain't Too Proud» verte den neste singelen.

«Get Ready» nådde førsteplassen på R&B-lista, men berre 29. plassen på poplista. Som lovd vart «Ain't Too Proud To Beg» gjeve ut som neste singel. Han nådde òg toppen av R&B-lista og 13. plassen på poplista. Etter at Whitfield produserte to hitsinglar til på rad for the Temptations («Beauty Is Only Skin Deep» og «(I Know) I'm Losing You»), vart han den nye hovudprodusenten til the Temptations.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«Ain't Too Proud to Beg» har sidan han kom ut i 1966 vorte spelt av mange andre artistar, som Rick Astley, Willie Bobo, Count Basie and his Orchestra, J. J. Jackson, The J. Evans Band, Ben Harper og andre. Mest suksess hadde The Rolling Stones med utgåva som kom på albumet It's Only Rock 'n' Roll i 1974. Som originalutgåva vart Stones-utgåva ein hit i USA og gjekk til 17. plass på poplista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ain't Too Proud to Beg» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Posner, Gerald (2002). Motown : Music, Money, Sex and Power. New York: Random House. ISBN 0-375-50062-6.
      • Weinger, Harry (1994). "Sunshine on a Cloudy Day". The Temptations: Emperors of Soul [CD Box Set]. New York: Motown Record Co., L.P.
      • Williams, Otis og Romanowski, Patricia (1988, updated 2002). Temptations. Lanham, MD: Cooper Square. ISBN 0-8154-1218-5.