Ain Dara i Libanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om landsbyen i Libanon. For den syriske landsbyen, sjå Ain Dara i Syria.
Koordinatar: 33°47′N 35°35′E
Ain Dara
landsby
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
høgd 1 300 moh
koordinatar 33°47′N 35°35′E
Areal 25,86 km²
Folketal 8 000
Tettleik 309 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg

Ain Dara er ein landsby kring 30 km frå Beirut, i Libanonfjella guvernement i Aley distrikt. Ain Dara kommune dekkjr 25,86 kvadratkilometer med kring 8000 innbyggjarar. Det var 3 874 registrerte veljarar i 2010.

Ain Dara ligg i sørsida av ein furuskogkledd dal, kring 1300 meter over havet. Han ligg nær fjellet Barouk, som er kjend for sederskogane sine. Høgda gjer at somrane er kjølige og vintrane kalde med mykje snø.

Kjende stader kring Ain Dara er Hammana og Mdeirej i nord, Al Azzounieh og Bmahray i sør, Dahr-el-Baydar i aust og Sawfar i vest. Ain Dara er kjend for slaget ved Ain Dara som fann stad i 1711. Det var reit historisk slag som endra Libanon på den tida.

Ain Dara har fem kyrkjer og fire skular.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]