Air Force One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Det amerikanske presidentflyet Air Force One over Rushmorefjellet

Air Force One er kallesignalet som vert nytta over radioen når USA sin president er ombord på eit av det amerikanske flyvåpenet sine luftfarty. Når presidenten oppheld seg ombord på eit av flyvåpenet sine luftfarty, er dette fartyet altså pr. definisjon «Air Force One».

Tilsvarande vert omgrepet Navy One nytta om det fartyet som presidenten oppheld seg i dersom det høyrer til marinen, Marine One om det høyrer til marineinfanteriet, Army One om det høyrer til hæren og Coast Guard One om det høyrer til kystvakta.

Når uttrykket «Air Force One» ofte vert knytta til et bestemt fly, skuldast det at presidenten normalt reiser rundt med eit av flyvåpenet sine to ombygde Boeing 747-fly. Desse flya er stasjonert på Andrews Air Force Base. Dei er tufta på modellen 747-200B, med den militære betegnelsen VC-25A. Det eine flyet har nummeret 28000 malt på halen og det andre har nummeret 29000 malt på halen.

Air Force One var på besøk i Noreg ved den dåværende amerikanske presidenten Bill Clinton sitt besøk 1. november 1999. Flyet 29000 var på Gardermoen 10. og 11. desember 2009 medan USA sin president Barack Obama mottok Nobels fredspris i Oslo.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk