Airbus A380

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Airbus A380

Informasjon
Type Passasjerfly
Produsentnamn Airbus
Produsert 2006 – i dag
Passasjerar 555 – 840
Mannskap 2
Spesifikasjonar
Lengd 73 m
Høgd 24,1 m
Vengespenn 79,8 m
Vengeareal 845
Masse utan last 276 800 kg
Maksfart 940 km/t
Marsjfart 860 km/t
Marsjhøgd 11 000 m
Rekkjevidd 14 000 km
Klatrefart m/min
Airbus A380
Airbus A340        Airbus A350


Airbus A380 er det største passasjerflyet i verda. Det har to etasjar, brei buk og fire jetmotorar, og blir laga av den europeiske flyprodusenten Airbus.[1][2] Flyet vart sett i kommersiell drift i 2007. Flyet vart lansert under ein seremoni i Toulouse tysdag 18. januar 2005 og flaug fyrste gong 27. april 2005 kl. 10.30.

A380, som er utvikla av Airbus Industrie, vart bestilt av fleire flyselskap: Lufthansa, Emirates Airlines, Singapore Airlines, Air France, Qantas, Virgin Atlantic Airways, Korean Air, Qatar Airways og International Lease Finance Corporation. Samtidig med at dei fyrste prototypane av flyet var klare — i juli 2004 — bestilte Etihad Airways fire fly for levering i 2007.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Planteikning av Airbus A380-800.

Den nye modellen ville i utgangspunktet bli levert i to utgåver; A380-800 og A380-800F. A380-800 har plass til 555 passasjerar over tre klassar og ei rekkjevidd på 14 800 km, medan A380-800F er eit reint lastefly med 10 400 km rekkjevidd og plass til 150 tonn varer.

Airbus heldt fram med å lage cockpiten så lik dei tidlegare modellane som mogleg. På den måten kostar det mindre å læra opp pilotar, i tillegg til at flyginga blir tryggare når mannskapet berre må kjenne til eitt sett med prosedyrar for korleis flyet skal handterast.

Airbus A380 tar av for jomfruturen

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Mannskap: 2
  • Dimensjonar
    • Lengd: 73 m
    • Høgd: 24,1 m
    • Vingespenn: 79,8 m
    • Vingeareal: 845
  • Masse
    • Utan last: 280 tonn
    • Maks. masse v/avgang: 560 tonn
  • Kapasitet: 555–840 passasjerar, avhengig av antal klassar
  • Motorar: 4 stk Rolls-Royce Trent 900 eller Engine Alliance GP7200 turbojetmotorar
  • Hastigheit
    • Cruise: Mach 0,85 (ca. 902 km/t)
    • Maks: Mach 0,89 (ca. 945 km/t)

Materialbruk[endre | endre wikiteksten]

Skrog

Airbus A380 vil bruke laminatkompositten glare i dei øvre delane av skroget. I dei nedre vil plater av dei relativt nyutvikla aluminiumlegeringane AA6013 og AA6056 bli brukte. Desse platene vil vere sveisa med lasersveising eller Friction Stir Welding, i staden for tradisjonell nagling.

Haleror

I staden for aluminium, er det brukt komposittmaterial i haleroret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. How EADS Became Airbus, arkivert frå originalen 17. juni 2016 
  2. «Airbus Industrie», britannica.com, arkivert frå originalen 11. oktober 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Airbus A380