Ait

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bush Ait i Themsen i Berkshire

Ein ait (eller eyot) er ei lita øy i ei elv. Namnet vert særleg nytta om øyar i elva Themsen og sideelvane hennar i England.[1]

Ei slik øy består som regel av avleiringa i vatnet som har samla seg opp over tid. Dei er ofte lange og smale og kan vere permanente øyar. Dei kan òg erodere bort og sedimenta dei bestod av kan verte førte ned elva og danne nye øyar. Ei elv med mange slike øyar vert kalla ei anastomoserende elv eller forgreina elv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]