Ajía Paraskeví
| Ajía Paraskeví | ||
|---|---|---|
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Periferi Periferieining |
Attikí Nord-Aten |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
7,97 km² |
|
| Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
56 836 7 131/km² |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 206 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 153 xx, 154 xx | |
| Telefon-retningsnummer | 210 | |
| Bilnummer | I | |
| Heimeside: www.agiaparaskevi.gr | ||
Ajía Paraskeví (gresk Αγία Παρασκευή) er ein kommune i forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.
Ajía Paraskeví ligg nordaust for Aten, om lag 10 km frå sentrum av byen. Fram til 1950-åra var forstaden tynt folkesett og dei fleste innbyggjarane dreiv med jordbruk. I 1960-åra opplevde Hellas rask økonomisk vekst og mange emigrerte til storbyane, noko som førte med seg rask utviding av desse. Dermed auka folkeveksten dramatisk i forstadane til Aten. I dag er Ajía Paraskeví tett folkesett med mykje trafikk og luftforureining.
Ajía Paraskeví ligg ved foten av Ymittós og er ein av få forstadar i Aten som har mange tre og grøne område. Byen strekk seg oppover i høgda og ein kan sjå store delar av Aten og heilt til Pireus.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Agia Paraskevi frå Engelsk Wikipedia .