Ajman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ajman er det minste av dei sju emirata i Dei sameinte arabiske emirata. Det har eit areal på 259 kkm (ifylgje engelsk wikipedia), og hadde 361.160 innbyggjarar i 2008. Emiratet har fått folkevekst dei siste åra, mykje pga innflyttarar frå andre emirat. Dei fleste innbyggjarane bur i hovudstaden Ajman by. Det har ikkje vorte gjort store oljefunn i Ajman, og emiratet er difor det fattigaste av Dei sameinte emirata.
Emiren i Ajman er Humaid bin Rashid Al Nuaimi.
[endre] Kjelder
- Store Norske Leksikon om Ajman
- Engelsk Wikipedia om Ajman.