Akababukta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akababukta (arabisk: خليج العقبة - Khalij al-Aqabah) er ei om lag 160 km lang bukt som fører mot nord-nordaust frå den nordlege delen av Raudehavet. Kystlinja ved bukta høyrer til fire land: Egypt, Jordan, Israel og Saudi-Arabia. I Israel blir bukta oftast kalla Eilatbukta (hebraisk: מפרץ אילת - Mifratz Eilat). [1]
Bukta startar ved Tiransundet ved Sharm el-Sheikh og leier i nordaustleg retning inn til hamnebyen Akaba i Jordan. Herifrå er det ikkje langt til grensa til Egypt, og 2 kilometer vest for Akaba ligg hamnebyen Eilat i Israel. Akababukta er ein del av Riftdalen som går gjennom Afrika.
Akababukta spela ei viktig rolle under seksdagarskrigen i 1967. Krigen vart utløyst ved at Egypt sperra innseglinga til bukta.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Akababukta»
- Engelsk Wikipedia om Akababukta, henta inn 29. april 2012.