Akaroa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akaroa
Akaroa
Akaroa
Styresmakter
Land
New Zealand New Zealand
Grunnlagd August 1840 [1]
Geografi
Flatevidd
 - By

1,7656 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

567[2]
  322,8/km²
Koordinatar 43°48′″S 172°57′″EKoordinatar: 43°48′″S 172°57′″E
Tidssone +12 (UTC)
Plassering
Akaroa is located in New Zealand

Akaroa er ein liten by på halvøya Banks Peninsula i regionen CanterburySørøyaNew Zealand, og som ligg ved ei naturleg hamn med det same namnet. Byen var den første busetnaden grunnlagt av europearar i Canterbury[1]. Akaroa tyder på Kāi Tahu māorispråk «lang hamn».

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Akaroa ligg 84 km langs vegen frå Christchurch, og er endepunktet til riksvegen State Highway 75. Ved folketeljinga i mars 2001 var den permanente populasjonen 576, ein nedgang på 69 sidan 1996. Ved teljinga i 2006 var innbyggjartalet 567 og meir enn 60% av bustadane fritidsbustadar[2][1]. Staden har ein høg del (31%) av innbyggjarar over 65 år.

Byen ligg ved ei vakker, skjerma hamn, og er omgjeven av forrevne vulkanske åsar. Akaroa er ein populær feriestad, og om sommaren kan innbyggjartalet nå 7 000, noko som mellom anna set press på vassforsyninga som er heilt avhengig av nedbøren i åsane.

Mange hektordelfinar held til i Akaroa harbour, og og båtturar fot å «symja med delfinane» er ein populær turistattraksjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1830 vart māoribusetnaden ved Takapuneke, like aust for den noverande Akaroa, skodestad for ei berykta hending. Kapteinen på den britiske briggen «Elizabeth», John Stewart, hjelpte Te Rauparaha, høvdingen i iwien Ngāti Toa frå Nordøya, å ta til fange den lokale høvdingen i iwien Ngai Tahu, Te Maiharanui, kona hans, Te Whe, og den unge dotter hans, Roi Mata. Busetnaden ved Takapuneke vart utsletta. Uro blant engelske styresmakter over medverknaden til John Stewart, og over anna lovløyse blant europearar på New Zealand, førte til at det vart utpeika ein offisiell britisk representant, James Busby, til New Zealand i 1832 - det første steget av britiske handlingar som førte fram til Waitangitraktaten.


I 1832, etter å ha omlægra Kaiapoi i tre månadar og sigra over staden, tok Te Rauparaha paenOnawe Peninsula innerst i Akaroa Harbour.

Engelsk busetnad[endre | endre wikiteksten]

Etter lenge å ha nekta å godkjenna New Zealand som ein britisk koloni, utferda den britiske krona den 15. juni 1839 ein proklamasjon der New Zealand vart omtala som ein del av the British Realm.

Straks han fekk kjennskap til den franske tanken om å kolonisera Akaroa og bruka staden som ei kvalfangsthamn, sende guvernør Hobson ut HMS «Britomart» frå Bay of Islands for å stadfesta den britiske krona sitt krav på Sørøya. «Britomart» kom til Akaroa den 16. august (sjølv om loggboka til kapteinen seier at datoen var 11. august 1840 [3]), og kaptein Stanley reiste det britiske flagget, og heldt rettsmøte for å stadfesta britisk suverenitet over Sørøya.

James Robinson Clough, også kjend som Jimmy Robinson, hadde kome til Akaroa fleire år i førevegen. Han var tolk for kaptein Owen Stanley ved flaggheisinga i 1840, og var den første pākehā som reiste oppetter elva Avon i 1843. Etterkomarar etter Robinson Clough er enno i dag å finna på halvøya.

Dei etterfølgjande engelske emigrantane slo seg ned både i Akaroa og German Bay (Tyskebukta), (Takamatua), saman med mange tyske bønder som bygde meieri, saue- og fjørfefarmar. Dei aller fleste av tinga som er å sjå på Akaroa Museum er frå det tidlege bondesamfunnet og leveviset frå denne tida.

Fransk busetnad[endre | endre wikiteksten]

I 1838 gjorde den franske kapteinen Jean François L'Anglois ein førebels handel av land på Banks Peninsula [4] frå iwien Tuaanau. Eit depositum av hushaldsvarer til eit verde av ₤6 vart betalt, seinare skulle varer til eit verde av ₤234 betalast. Etter å ha kome attende til Frankrike, averterte han etter immigrantar til New Zealand, og overdrog sin andel i landet til Nanto-Bordelaise Company, der han var deleigar. Den 9. mars 1840, reiste 63 emigrantar frå Rochefort. Nybyggjarane gjekk om bord i «Comté de Paris» — eit gammalt krigsskip som den franske staten hadde gjeve dei — og segla til New Zealand.

Namneskilt i Akaroa som viser franske gatenamn.

Comté de Paris og følgjeskipet «Aube», ført av kommandørkaptein Charles François Lavaud, kom fram til Bay of IslandsNordøya 11. juli 1840, der dei oppdaga at britane hadde gjort krav på Banks Peninsula. Franskmennene kom fram til Akaroa den 18. august og grunnla ein busetnad.

Området har enno teikn til fransk påverknad, dette går mellom anna att i mange lokale franske stadnamn[5].

Før 1840 var staden der Akaroa no ligg, også kalla Wangaloa, og den franske busetnaden kjend som Port Louis-Philippe.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • A. W. Reed (2002) The Reed Dictionary of New Zealand Place Names – Auckland. ISBN 0-7900-0761-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Akaroa