Aker Stord
| Aker Stord | ||
| Type | Aksjeselskap | |
| Land | Noreg | |
| Hovudkontor | Stord | |
| Eigd av | Aker Solutions (100%) | |
| Adm. dir. | Lars Eide | |
| Styreleiar | Jarle Tautra | |
| Tilsette | 1126-1130 (2008) | |
| Omsetnad | 3 566 mill (2008) | |
| Resultat | -806 mill (2008) | |
Aker Stord AS, tidlegare A/S Stord Sildoljefabrik, AS Stord, AS Stord Verft og Aker Kværner Stord AS, er eit verft på Stord i Hordaland eigd av Aker Solutions. Aker Stord har sidan 1975 har vore ein stor aktør når det gjeld gjennomføring av store og komplekse prosjekt innan Olje og Gass. Aker Stord har vore ein sentral aktør i utbygginga av dei største installasjonane i Nordsjøen. Aker Stord har 1 155 tilsette (2006), men har i travle prosjekt periodar hatt inntil 7000 innleigde operatørar og funksjonærar.
[endre] Soge
Aker Stord byrja som ein sildeoljefabrikk i 1919, men då fabrikken gjekk trått utanom sesongen byrja dei å reparere skip og produsere utstyr til omliggande industri i lågsesongen. Då den andre verdskrigen var over gjekk ein over til å byggje skip. Det første skipet som stod ferdig på verftet var «Midthordland» frå 1947. Båten er i dag eit veteranskip som framleis er i drift. I starten vart det bygd mange fiske- og slepebåtar, men etter kvart gjekk ein over til større og større skip og til slutt enorme tankskip heilt opp til 285 000 tonn.
I 1958 gjekk verftet inn i Aker-konsernet.
Då oljekrisa kom på 1970-talet vart det derimot ein brå stopp for denne skipsindustrien, men samstundes hadde ein så vidt byrja å byggje oljeplattformer. Den første plattforma som vart bygd på Aker Stord var Statfjord A. Fleire condeep-plattformer fylgde, som Gullfaks-plattformene, Oseberg A og Troll A, det største menneskeskapte byggverket som nokon gong er flytta på.
Utover på 1990- og 2000-talet har verftet bygd ei rekkje halvt nedsøkte plattformer som Snorre A og B, Njord og Kristin, i tillegg til produksjons- og lagringgskipa Norne og Åsgard A
I 1996 byrja ein òg å ta til lands utrangerte plattformer for å demontere dei. Den første var Esso Odin og i 2001-2003 vart den 110 000 tonn tunge britiske produksjonsplattforma Maureen A demontert, der 99,5 % av plattforma vart gjenbrukt eller resirkulert. Demonteringa skjer på Eldøyane ved Aker Stord, der kranen Ivan står, ein av dei største kranane i Nord-Europa med ei høgd på 137 meter og som kan ta løft på 240 tonn.
I tillegg har Aker Stord utnytta kompetansen sin til å verte ein aktør på landanlegg. Aker Stord har medverka til både gassterminalen på Kårstø, Snøhvit LNG på Melkøya og Ormen Lange-anlegget på Aukra ved Molde.
Dei siste store prosjekta til Aker Stord har vore bygging av dei største boreriggane i verda, Aker Spitsbergen og Aker Barents samt bygging av Gjøa-plattforma.
Aker Stord gjennomfører i 2010 oppgradering og utviding av Staoil sitt anlegg på Kollsnes samt bygging av Aker Clean Carbon sitt pilot anlegg for Co2 handtering på Mongstad.
[endre] Eit utval av prosjekt
| Prosjekt | Konsept | Type | Avtaletype | Operatør | Arbeidsomfang | Levering |
|---|---|---|---|---|---|---|
| Mongstad TCM Co2 capture | Co2 renseanlegg | Aker Clean Carbon | Under arbeid | |||
| Kollsnes | Land anlegg | Statoil | 2011 | |||
| Gjøa | Halvt nedsøkt produksjonsplattform | Statoil | 2010 | |||
| Aker Spitsbergen og Aker Barents | Aker H-6e | Borerigg | EPC | Aker Drilling | 2009 | |
| Ormen Lange | Prosesserings anlegg for gass | Statoil | 2008 | |||
| Snøkvit | LNG anlegg | Statoil | 2006 | |||
| Kristin | Halvt nedsøkt produksjonsplattform | Statoil | 2005 | |||
| Snorre B | Halvt nedsøkt produksjonsplattform | Norsk Hydro | 2001 | |||
| Åsgard A | FPSO | Statoil | 1999 | |||
| Njord A | Aker P-45 | Produksjonsplattform | EPC | Norsk Hydro | 1997 | |
| Norne | FPSO | Statoil | 1997 | |||
| Troll Gas | Condeep (CBS) | Shell | 1995 | |||
| Snorre A | TLP | Saga Petroleum | 1991 | |||
| Gullfaks C | Condeep (CBS) | Statoil | 1989 | |||
| Oseberg A | Condeep (CBS) | Norsk Hydro | 1988 | |||
| Gullfaks A | Condeep (CBS) | Statoil | 1986 | |||
| Amazone | Jack-up | Saga Petroleum | 1982 | |||
| Statfjord A | Condeep (CBS) | Mobil | 1977 |