Akershusmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Administrasjonsbygget for MiA – Museene i Akershus, opphavleg Akershusmuseet, er det tidligare Skedsmo rådhus. Rådhuset stod ferdig i 1957, og vart i samtida sett på som eit godt døme på stilretninga funksjonalismen i arkitekturen. Her er det òg lokale for skiftande utstillingar.

MiA – Museene i Akershus, eller MiA - Musea i Akershus, er nytt namn på Akershusmuseet som vart skipa i 1983.

MiA – Musea i Akershus, er eit kompetansesenter for musea i Akershus for å hjelpe til med konserveringstenester, vedlikehaldsplanar, fototenester, utvikling av utstillingar og pedagogiske opplegg, marknadsføringstiltak, felles meldingsblad for kulturminnevernet i fylket, og dessutan hjelp til arkivering og registrering. Dei 19 musea, 34 besøkssteda og to kompetansesentra ikring i Akershus inngår i MiA - Musea i Akershus som konsoliderte einingar, og er i dag Akershus fylke sin største kulturinstitusjon. Hovudadministrasjon held til i det tidlegare rådhuset til Skedsmo kommune, i Strømsveien 74 på Strømmen i Skedsmo.

Museumsavdelingar[endre | endre wikiteksten]

Asker Museum, Valstads samlinger, Akershus bygningsvernsenter, Aurskog-Høland bygdetun, Avistegnernes hus, Eidsvoll museum, Fetsund Lenser, Besøksenter våtmark Nordre Øyeren, Follo museum, Gamle Hvam museum, Grinimuseet, Hurdal historielags samlinger, Linderud gård på Linderud i Oslo, Lommedalsbanen (ei tillaga museumsjarnbane i Bærum), Lørenskog Bygdemuseum, Nes Samlinger, Oslofjordmuseet i Vollen i Asker, Skedsmo bygdemuseum, Museumsfabrikken Strømmen, Ullensaker museum, Urskog–Hølandsbanen (Tertitten), ei strekning av ei nedlagd smalspora jarnbane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]