Akevitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit glas akevitt.
Islandsk akevitt heiter ganske enkelt brennivín. (Foto: Bjarki Sigursveinsson)

Akevitt er eit nordisk brennevin med rundt 40 volumprosent alkohol som kan vera klart eller gyllent på farge. Akevitten er som regel laga av potet, men kan også lagast av korn, og smakssett med ulike krydder og urter. Han blir i dag særleg drukken ved høve som jul og nasjonale høgtider.

Namnet «akevitt» er avleia av aqua vitae, latin for 'livsens vatn'. Drikken er òg kjend ganske enkelt som brennevin.

Det krydra brennevinet[endre | endre wikiteksten]

Akevitt kan også lagast av korn eller andre landbruksprodukt som poteter eller andre grønsaker (i Noreg mest potet) og restar frå foredling av poteter og grønsaker, på same måte som snaps. Potetene blir mosa og gjæra, og så destillert i ein kontinuerleg prosess. Deretter blir den reine spriten blanda med krydderdestillat.

Brennevinet får den særmerkte smaken sin frå dei mange kryddene . Karve og dill er av EU definert som hovudkrydder om produktet skal kunne kallast akevitt, men andre krydder kan også blandast i for å gje god ange, mellom anna anis, fennikel, kardemomme, vanilje, koriander, sitronskal og lakris. Etter EU sitt lovverk må ein akevitt ha minst 37,5 % alkoholstyrkje. I Noreg kan ein akevitt ha opptil 60 % alkoholstyrkje, men i andre land kan styrkjen vere høgare.

Dei fleste norske akevittane er gulbrune av farge og har vore lagra i kortare eller lengre tid på eikefat. Eit unntak er når lagringa føregår i gamle eikefat som ikkje fargar drikken, og ein får ein klar taffelakevitt.

Akevitt produsert i Island er ikkje fatmogna. Nokre av akevittane i mellom anna Danmark har brun farge, men dette kan kome både av fatmogning og av tilsett karamellfarge (E 150).

Fleire norske akevittar vert flaskemogna, noko som gjer akevitten rundare. [[]]

Drikking[endre | endre wikiteksten]

Dansk juleakevitt. (Foto: Jørgen Larsen)

Akevitt vert som oftast drukke ublanda, men blir gjerne servert saman med øl. Nokre hevdar at han smakar best når han er drukke frå eit glas som har vorte litt kulsa, men kjennarar drikk fatmogna akevitt romtemperert på same måte som whisky og cognac. I grannelanda er gjerne akevitten nedkjølt for å døyve den sterke smaken av reint krydderbrennevin, og der drikk ein ofte glaset i eitt drag.

Brennevinet blir sett på som ein tradisjonsdrikk, og blir ofte drukke i faste samanhengar. Han er populær på julebord og til sjølve julefeiringa. Det er òg vanleg å servera akevitt på den norske nasjonaldagen syttande mai eller den svenske midsommarfeiringa. Særleg i Sverige er det vanleg å synga drikkeviser til.

Drikken blir ofte servert til sursild, lutefisk, røykt fisk eller kreps. Han kan òg drikkast saman med ulike typar julemat, som smalahovud, lutefisk, rakefisk pinnekjøt eller ribbe. Det blir ofte sagt at akevitten hjelper ein å fordøya feit mat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Me veit ikkje kor lenge ein har laga akevitt i Noreg, men den første gongen han blei nemnd var i 1531. Den 13. april det året sendte Eske Bille, ein danske som var slottsherren til Bergenshus, ei pakke til Olav Engelbrektsson, den siste erkebiskopen i Noreg, som då budde på Steinvikholm slott i Stjørdal. Pakka hadde som innhald

«nogit Watn som kallis aqua vite och hielper samme watn for alle haande kranckdom som ith menneske kandt haffue indvortes och udvortes.»

Akevitten som Engelbrektsson fekk var ikkje det same som me drikk i dag - det var basert på korn og ikkje potetsprit som no, og den var nok sterkt prega av fusel (ureinsa). Akevitt har etter dette utvikla seg i over fire hundre år til han blei drikken som av særleg nordmenn vert sett stor pris på i dag.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange forskjellige typar akevitt laga etter forskellige oppskrifter, med forskjellige krydderblandingar, og forskjellig lagringstid for akevitten. Dei fleste norske akevittypane vert lagra i frå nokra månader til tolv år på brukte sherryfat, og er derfor både sterke på smak og mørke på farge. Danske og svenske akevittar er gjerne lysare.

Løiten Linie, Gammel Opland, Lysholm Linie og Simers Taffel er rekna som dei fire klassiske norske merka, men mange set òg pris på Gilde Non Plus Ultra. I Danmark er Aalborg det viktigaste merket og i Sverige O.P Andersson.

Linie[endre | endre wikiteksten]

I 1780 fekk Catharina M. Lysholm bygd briggen «Trondhiems Prøve» saman med bror sin, og i 1805 segla skipet fra Trondheim med Batavia (i våre dagar Indonesia) som mål. I lasta var det fleire fat akevitt. Medan andre varer valt selde, klarte ikkeje akevitten å konkurrere med lokal arrak, og fata vart med heim att. Rett før jul i 1807 kom «Trondhiems Prøve» attende til Trondheim, og fata med to år gamal akevitt. Ein fann da ut at akevitten hadde gått gjennom ein mogningsprosess og ein hadde fått eit heilt anna brennevin enn tidlegare. 'Linie-akevitten' var med andre ord «oppfunne». Det skulle likevel gå fleire år før nevøen til Catharina, Jørgen B. Lysholm, byrja å marknadsføre linjeakevitten.

Det vert også sagt at 'Preciosa' frå Drammen reiste sørover og runda Kapp Horn i 1840 som den fyrste norske skuta på dei kantar. Skipet hadde med seg akevitt, og mannskapet meinte at akevitten smakte mykje betre etter sjøreisa enn før - men det var altså 33 år etter at trønderane hadde oppdaga det same.

Linie Aquavit er i dag produsert av Arcus AS, og dei to variantane er Løiten Linie og Lysholm Linie. Som før går akevitten over ekvator til Australia og attende. Akevitten ligg på fat som er spent fast inne i stålcontainarar som ligg på dekk. Fast transportør er Wilh. Wilhelmsen ASA, eit oppdrag dei har hatt sidan 1920-talet.

Norsk akevitt er beskytta geografisk nemning for akevitt produsert i Noreg.

Akevittkultur[endre | endre wikiteksten]

Norske Akevitters Venner gjev ut medlemsbladet AquaVIT (fire utgåver per år) med mykje interessant stoff rundt norsk mat- og drikkekultur med akevitten i høgsetet. Mange nordmenn feirar den 13. april som «akevittens dag».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]