Akhurjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akhurjan
armensk Ախուրյան
tyrkisk Arpaçay
russisk Ахурян
elv
none  Akhurjan sett frå den tidlegare armenske hovudstaden Ani i Tyrkia.
Akhurjan sett frå den tidlegare armenske hovudstaden Ani i Tyrkia.
Land Flag of Armenia.svg Armenia, Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kjelde Arpisjøen i Shirak i Armenia
 - høgd 2 023 moh
Munning Aras nær Bagaran
Lengd 186 km
Nedslagsfelt 9 500 km²
Akhurjan og nedslagsfeltet (blått) i Armenia
Akhurjan og nedslagsfeltet (blått) i Armenia

Akhurjan er ei elv i dei sørlege områda av Kaukasus. Ho har sitt utspring i Armenia, og strøymer langs grensa til Tyrkia, og fungerer som den geografiske grensa mellom dei to landa. Til slutt munnar ho ut i elva Aras, som ei sideelv, nær Bagaran. Akhurjan har eit nedslagsfelt på om lag 9 500 km2 og er 186 km lang.

Gjumri, den nest største byen i Armenia, ligg på austsida av elva. Langs Akhurjan finn ein også fire av dei tolv tidlegare hovudstadane i Armenia: Ani, Bagaran, Jervandasjat og Sjirakavan.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Då den bysantinske hæren kom til provinsen Sjirak i 1041, samla armenske adelsmenn (nakhararar) seg i lag mot dei, kommandert av Pahlavuni-generalen Vahram Pahlavouni. Vahram samla saman 30 000 infanteristar, og eit kavaleri på 20 000 og danna tre divisjonar som kjempa mot bysantinarane. [1] Slaget som følgde enda med at bysantinarane vart slakta. Kampane skal ha vore så kraftige at all blodet som rann ut i Akurjan farga vatnet raudt. [2][1] Bysantinarane etterlet 20 000 omkomne. Sigeren gjorde at Vahram Pahlavuni i lag med Catholicos Petros Guedadarts kunne krone Gagik II som konge av Armenia og så ta festninga i Ani, som var i hendene på Vest Sarkis.

Brua over Akhurjan[endre | endre wikiteksten]

Brua over Akhurjan kan gå heilt tilbake til Bagratuni-dynastiet.[3], men sannsynlegvis er ho frå 1200-talet. Ein inskripsjon ein har funne i nærleiken seier at det vart gjort arbeid på vegen fram til brua tidleg på 1300-talet. [4]

Brua var bygd opp av ein enkel boge, som i dag har fall ned, og berre høge landfeste, som kan ha vore del ein av ein kraftig port, står igjen. [4] På 1800-talet fortalte reisande om eit vakthus like ved brua, men dette har gått tapt. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 History of Armenia by Father Michael Chamich from B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, or 1229 of the Armenian era – Side 124 av Mikajel Tsjamtsjiants
  2. History of Armenia: From B.C. 2247 to the Year of Christ 1780, Or 1229 of the Armenian Era – Side 124 av Michael Chamich, John Audall, Mikajel Tsjamtsjiants, Hovhannēs Avdaleants – 1827
  3. A system of geography, popular and scientific: or A physical, political, and statistical account... – Side 143 av James Bell – 1832
  4. 4,0 4,1 4,2 http://www.virtualani.org/bridge/index.htm