Akihito av Japan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Akihito)
Akihito
明仁

Keisar av Japan
Periode7. januar 1989-30. april 2019
Fødd23. desember 1933
FødestadKeiserpalasset i Tokyo, Kōjimachi-ku, Tokyo by
MorKōjun
FarHirohito av Japan
EktefelleMichiko Shoda
BarnNaruhito av Japan (f. 1960)

Prins Fumihito av Japan (f. 1965)

Sayako Kuroda (f. 1969)
FøregangarHirohito av Japan
EtterfølgjarNaruhito

Akihito av Japan (fødd 23. desember 1933) var keisar av Japan frå 1989 til 2019. Han kom på trona den 7. januar 1989, då faren Hirohito døydde. Kroninga fann stad den 10. november 1990. Akihito sin fødselsdag vart frå 1989 feira som offisiell nasjonaldag i Japan.

Akihito sitt offisielle keisarnamn er Heisei. I Japan blir keisaren aldri nemnd med namn, men omtalt som tennō heika eller berre heika, (天皇陛下, 'Hans Majestet Keisaren').

Familie[endre | endre wikiteksten]

Akihito er son av keisar Hirohito og keisarinne Kōjun. Han var det femte barnet deira, men den eldste sonen.

Akihito vart gift med Michiko Shoda den 10. april 1959. Saman er dei foreldra til:

  1. Naruhito av Japan (fødd 23. februar 1960; gift med Masako av Japan - ei dotter)
  2. prins Fumihito av Japan (fødd 30. november 1965; gift med Kiko Kawashima - to døtrer)
  3. Sayako Kuroda (fødd 18. april 1969; gift i november 2005 med Yoshiki Kuroda)

Vitskapleg arbeid[endre | endre wikiteksten]

Som far sin har keisar Akihito interessert seg for marinbiologi. Han har publisert fleire artiklar om fisketaksonomi knytt til familien Gobiidae i tidsskrifta Gene og Japanese Journal of Ichthyology.[1] I 2005 fekk ein fisk i denne familien et vitskaplege namnet Exyrias akihito etter han.

Keisaren har også skrive artiklar om vitskapshistorie under Edotida og Meijirestaurasjonen som blei publiserte i Science[2] og Nature.[3]

Keisaren er medlem i det iktyologiske selskapet i Japan og æresmedlem ved Linnean Society of London og Zoological Society of London. I 2007 fekk han ein æresgrad ved Universitetet i Uppsala.

Ordenar[endre | endre wikiteksten]

Keisaren har motteke ei rekkje ordenar, både frå Japan, som Krysantemumordenen, Oppstigande sol-ordenen og Den heilage skatt-ordenen, og frå mange andre land. Mellom ordnane er òg St. Olavs Orden sitt Storkors med kjede, tildelt i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Alan Hamilton (30 May 2007), «Palace small talk problem solved: royal guest is a goby fish fanatic», The Times (London) ; Søk i PubMed
  2. Akihito (Oct). «Early cultivators of science in Japan». Science 258 (5082): 578–80. PMID 1411568. doi:10.1126/science.1411568. 
  3. His Majesty The Emperor of Japan (Jul). «Linnaeus and taxonomy in Japan». Nature 448 (7150): 139–140. PMID 17632886. doi:10.1038/448139a. 
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.