Akito Watabe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akito Watabe


Verkeleg namn japansk 渡部 暁斗
Statsborgarskap Japan
Fødd 26. mai 1988 (35 år)
Hakuba
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Kombinert under Vinter-OL 2014 – Normalbakke, Kombinert under Vinter-OL 2018 – Normalbakke, Verdscupen i kombinert, VM-medaljører i kombinert, Q733124

Akito Watabe (fødd 26. mai 1988) er ein japansk kombinertrennar frå Hakuba. Han vann VM-gull med Japan i ei lagtevling under ski-VM 2009 og fekk OL-sølv i N+10-tevlinga under vinter-OL 2014. Watabe vart nummer to i verdscupen i kombinert 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Watabe debuterte i verdscupen i kombinert i mars 2006. Under ski-VM 2009 i Liberec overraska Watabe og Japan med å vinne lagtevlinga. I slutten av januar 2010 kom han i Seefeld for fyrste gong på sigerspallen i eit individuelt renn i verdscupen, der han vart nummer tre.

Vinteren 2012 slo Watabe seg inn i verdseliten med fire sigrar i verdscuprenn i løpet av fem veker i februar-mars. Han enda på andreplassen i verdscupen i kombinert, overgått einast av Jason Lamy-Chappuis frå Frankrike. Også 2013-sesongen vart ein god sesong for Watabe. Trass i at han ikkje makta å vinne noko tevling i verdscupen, men vart nummer to heile fem gongar, klarte han ein tredjeplass i verdscupen i kombinert.

Heller ikkje i 2014 har Watabe makta å vinne eit verdscuprenn. Jamt måtte han sjå seg slått av verdseinaren Eric Frenzel frå Tyskland, så også då dei to åleine kjempa om OL-gullet i tevlinga med hopp i normalbakken, etterfylgd av 10 km i langrennsløypa. Som fleire gongar tidlegare viste Frenzel seg som ein sterkare avsluttar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]