Akkalasamisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akkalasamisk
Klassifisering: uralske språk
 finsk-ugriske språk
  samiske språk
  austsamiske språk
   Akkalasamisk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Murmansk oblast
Akkalasamisktalande i alt: 0
Rangering: «Ikkje topp-100»
Skriftsystem: -
Offisiell status
Offisielt språk i: -
Normert av: Forskningscentralen för de inhemska språken
Språkkodar
ISO 639-2: -
ISO 639-3: sia

Akkalasamisk, bestemorsamisk eller babinsk-samisk er eit austsamisk språk som vart snakka i Babinsk-området (bokstavleg: «Bestemorområdet») i Murmansk oblast i Russland. Den siste talaren av akkalasamisk, Marja Sergina, døydde 29. desember 2003 [1], akkalasamisk er altså eit utdøydd språk.

Tradisjonelt budde akkalasamane i dei tidlegare landsbyane Babino og Jokostrov ved sjøen Imandra nær kysten av Kvitsjøen nord for Kandalakša.

Språkleg sett ligg akkalasamisk mellom kildinsamisk og skoltesamisk, kanskje nærare skoltesamisk.

P.M. Zajkov har skrive ein monografi over akkalasamisk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Zajkov, P. M. 1987. Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologičeskoe issledovanie). Petrozavodsk: Karelija.


Referansar[endre | endre wikiteksten]



Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk
Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.