Akkalasamisk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Akkalasamisk, bestemorsamisk eller babinsk-samisk er eit austsamisk språk som vart snakka i Babinsk-området (bokstavleg: «Bestemorområdet») i Murmansk oblast i Russland. Den siste talaren av akkalasamisk døydde 29. desember 2003, akkalasamisk er altså eit utdøydd språk.

Tradisjonelt budde akkalasamane i dei tidlegare landsbyane Babino og Jokostrov ved sjøen Imandra nær kysten av Kvitsjøen nord for Kandalakša.

Språkleg sett ligg akkalasamisk mellom kildinsamisk og skoltesamisk, kanskje nærare skoltesamisk.

P.M. Zajkov har skrevet ein monografi over akkalasamisk.

[endre] Litteratur

  • Zajkov, P. M. 1987. Babinskij dialekt saamskogo jazyka (fonologo-morfologičeskoe issledovanie). Petrozavodsk: Karelija.


Samiske språk
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk
Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy