Akkumulator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein akkumulator er ein behaldar for oppsamling og lagring av energi.

I varmeteknikk er ein akkumulator eit apparat som lagrar og oppbevarer vassdamp i vatn ved høgt trykk og temperatur. Dette vert kalla ein dampakkumulator.

I elektroteknikk er ein akkumulator eitt eller fleire galvaniske element eller celler der kjemisk lagra energi kan omformast direkte til elektrisk energi ved ein kjemisk reversibel reaksjon. Energiomforminga kan gå begge vegar. Akkumulatoren har ein positiv og ein negativ elektrode nedsøkkt i ein elektrolytt. Når det vert trekt energi ut av akkumulatoren, skjer det ein kjemisk reaksjon som endrar elektrodematerialet. Ved lading av akkumulatoren vert det send energi i motsett retning og den kjemiske reaksjonen vil føre elektrolytt og elektrodemateriale attende til den opphavlege tilstanden. I dag vert vanlegvis omgrepet sekundærbatteri eller oppladbart batteri nytta i staden for akkumulator.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]