Akropolis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akropolis i Aten er den best kjende akropolisen.

Akropolis (frå gammalgresk ἡ ἀκρόπολις: ἄκρος - ákros («høgast, øvst») og ἡ πόλις (gammalgr. fleirtal -εως) - ʰē pólis («bystat, stad»)), er eit ord som tyder «den øvre staden” eller «byen på toppen», og kjem av at greske bønder i løpet av dei mørke hundreåra bygde små forsvarsverk på høgder i landskapen for å kunne rømme dit når framande hærar marsjerte over jorda deira.

Den nye greske sivilisasjonen var ikkje sentralstyrt, som den gamle høgkulturen, men delt inn i mange små, sjølvstyrte samfunn som voks opp kring det lokale forsvarsverket (borga), akropolis.

Akropolis vart, etterkvart som den greske kulturen hevda seg igjen, ein viktig samlingsstad i polisstaten. Rett nedanfor akropolisen oppretta dei ofte små handelsstader eller marknader, agora, der varer vart bytta mellom bøndene og kanskje til og med med framandlandske handelsmenn. Byen vart med andre ord det militære og økonomiske maktsenteret i staten, trass i at det greske samfunnet framleis var eit jordbrukssamfunn, og at makta hovudsakleg låg i henda på menn med store landeigedomar.

I heile det greske området reknar ein med at det fanst om lag 600 skilde polisstatar som ofte låg i konflikt med kvarandre om kvar grensene burde gå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]