Akrotíri på Kreta

Koordinatar: 35°33′N 24°09′E / 35.550°N 24.150°E / 35.550; 24.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akrotíri
Lokalt namn Ακρωτήρι

Geografi
Akrotíri på Kreta is located in Hellas
Akrotíri på Kreta (Hellas)
Stad Kreta
Koordinatar 35°33′N 24°09′E / 35.550°N 24.150°E / 35.550; 24.150

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Kreta
Khaniá
Kíssamos
Hovudsete Pythári (1 724 innb.)
Demografi
Folketal 13 100 (2011[1])

Akrotíri (gresk Ακρωτήρι) er ei halvøy og ein tidlegare kommune på Kreta, aust i periferieininga Khaniá. Det antikke namnet var Kiamon, medan ho under Austromarriket vart kalla Kharaka.

Akrotíri ligg på nordsida av øya. Ho er nesten sirkelforma og er forbunde til resten av øya mellom byane Khaniá og Soúda. Sør for halvøya ligg Soúdabukta. Det meste av halvøya ligg på eit platå over sjøen. Langs nordkysten ligg ei rekkje med åsar. Det ligg fleire feriestader langs Akrotíri, som Stavrós, Kalathás og Maráthi.

Akrotíri var tidlegare ein eigen kommune i periferieininga Khaniá, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Khaniá.[2]

Gravene til Eleftherios Venizelos og son hans Sofoklis ligg på Akrotiri. Her vart det greske flagget reist for å utfordre tyrkarane og stormaktene, og halvøya vart eit hovudkvarter for den kretiske revolusjonen.

Tre kloster ligg i åsane i nord. Ajía Triáda vart grunnlagd av to venetianske munkar som hadde vorte ein del av den ortodokse kyrkja på 1600-talet. Eit anna kloster, Katholikó, i dag forlate, vart grunnlagt på 400- eller 500-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Akrotíri på Kreta