Aksel Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aksel Hagen (fødd 4. oktober 1953 på Stange) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Han har vore valt inn på Stortinget frå Oppland fylke sidan 2009.

Han gjekk gymnasHamar 1969–1972, deretter ved Jønsberg landbruksskole 1972–1973. Studerte naturforvalting og arealplanlegging ved Norges landbrukshøgskole 1974–1979, og har doktorgrad i samfunnsplanlegging. Generalplanleggjar i Øystre-Slidre 1980–1985, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oppland 1985–2003, i tillegg til naturvern- og friluftskonsulent for fylkesmannen i Oppland 1985–1986.

Hagen var fylkessekretær i Hedmark Sp 1979–1980, men gjekk seinare over til Sosialistisk Venstreparti der han var styremedlem i Lillehammer SV i 1980- og 1990-åra. Nestleiar i Oppland SV 1998–2000, og leiar der 2000–2004. Medlem av Lillehammer kommunestyre 1991–2003. Medlem av Oppland fylkesting 2003–2009, fylkesvaraordførar 2003–2007.

Hagen er sambuar med Raudt-leiar Turid Thomassen.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]