Aksel Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aksel Larsen (5. august 189710. januar 1972) var ein dansk politikar, opphavleg sosialdemokrat, blei kommunist i 1920, sidan stiftar av Socialistisk Folkeparti (SF) i 1958.

Aksel Larsen blei fødd i 1897 som son av treskomakar Lars Larsen og Ehrengott Larsen. Han voks opp i Odense i ein barneflokk på 9.

Han var det einaste av barna som fekk ein realskuleeksamen.

Månaden etter at han hadde fått sin realskuleeksamen, starta han som elev ved dei Sydfyenske Jernbaner, der han etter utdanning blei tilsett som trafikkassistent i april 1917 ved Årslev Station. Han oppgav likevel denne yrkesvegen, og flytta i mai 1918 til København.

Han flytta inn på eit lite kvistrom på Istedgade. Han tente sine pengar som sykkelbod og melde seg inn i det sosialdemokratiske partiet.

Aksel Larsen deltok i demonstrasjonane på Grønttorvet (noverande Israels Plads) i november 1918. Han var folketalar i 1920 under Påskekrisa og blei etter kvart meir radikal i sine synspunkt. Då Socialdemokraterne og LO gjekk til forlik med styresmaktene, blei det for mykje for Aksel Larsen. Han melde seg ut av partiet og inn i det nystifta Venstresocialistisk parti (som sidan skifta namn til Danmarks Kommunistiske Parti, DKP).

9. oktober 1931 heldt Aksel Larsen sin berømte robåtstale frå robåten Rosa i Frederiksholms Kanal. Talen var retta til ei gruppe kommunistiske demonstrantar.

Ved Folketingsvalet i november 1932 blei Aksel Larsen vald inn, og seinare same året blei han leiar for partiet trass i motstand frå Komintern.

Under den tysk-nazistiske okkupasjonen blei han, då Tyskland invaderte Sovjetunionen, etterlyst av Gestapo. 5. november 1942 blei han fanga og overført til den tyske avdelinga i Vestre Fængsel, der han blei avhøyrd i 17 timar - forhøyrsprotokollen fyller 83 sider. Kor lite eller kor mykje Larsen fortalte er uklart.

Larsen blei 28. august 1943 overført til særfengsel i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. I april 1945 kom han med Dei kvite bussane til Sverige, og han vende så heim til Danmark 5. mai om morgonen.

Etter oppstanden i Ungarn i 1956 blei han og andre leiande kommunistar ekskluderte 16. november 1958 etter å ha reist kritikk av Sovjetunionen.

Det blei til Socialistisk Folkeparti. 24. november 1958 melde han frå om SF i Folketinget og 15. februar 1959 heldt partiet stiftande kongress. Grunnlaget skulle vere ein dansk, demokratisk sosialisme. Ved det følgjande folketingsvalet blei SF valt inn med 11 mandat og kommunistane rauk ut. Aksel Larsen døydde 10. januar 1972.

30. juni 2005 kom det i ein rapport om Danmark under den kalde krigen utgjeven av Dansk Institut for Internationale Studier fram at Aksel Larsen i perioden frå november 1958 til mai 1964 heldt ei rekkje møte med representantar for vestlege allierte land.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den danske wikipediaen, artikkel med same namnet.
  • Leksikon.org