Aksel Zachariassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aksel Zachariassen (16. november 18986. juli 1987) var ein norsk politikar og journalist frå Porsgrunn. I 1921 vart han valt til formann for ungdomsforbundet til Arbeidarpartiet som på same landsmøte skifta namn til Norges Kommunistiske Ungdomsforbund. I partistriden som oppstod høyrte han til mindretalet i ungdomsforbundet som ville bryte med Komintern, og han leia komiteen som førebudde grunnlegginga av Venstrekommunistisk Ungdomsfylkning.

Azach byrja den journalistiske karrieren sin i Bratsberg-Demokraten i Skien berre 18 år gammal og i 1924 byrja han å skrive for Arbeiderbladet. I 1929 grunnla han Haldens Arbeiderblad og var redaktør fram til 1930. Han var i eitt år redaktør for Arbeidermagasinet (seinare Magasinet for alle). I 1932 vart han redaktør for Kongsvinger Arbeiderblad, ei stilling han hadde til han vart arrestert av Gestapo i 1941, og heldt fram med etter krigen til 1946, då han vart leiar av Arbeidernes Pressekontor. Mellom 1950 og 1962 var Zachariassen sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund. Han har òg skrive fleire bøker om historia til arbeidarrørsla i Noreg og boka På talerstolen (gjeve ut på ny i 2006).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]