Aksishjort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksishjort
Aksishjorthann
Aksishjorthann
Aksishjorthoe
Aksishjorthoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Aksishjort
Utbreiinga av Aksishjort
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Underfamilie: Ekte hjortedyr Cervinae
Stamme: Cervini
Slekt: Svinehjortar Axis
Art: Aksishjort A. axis
Vitskapleg namn
Axis axis

Aksishjort, axishjort eller chital (Axis axis) er eit partåa klauvdyr i hjortefamilien frå Sør-Asia. Arten er ein liten hjortetype med ei mankehøgd på rundt 90 cm. Pelsen er lysande branngul spetta med kvite prikkar. Aksishjort har eit greina gevir som kan bli opptil 1 meter langt.

Hjorten er svært sosial og lever i flokkar som kan omfatta over 100 dyr. Han lever i store delar av Sør-Asia, både i låglandet og i høgareliggjande område. Arten akklimatiserer seg raskt til å leva på nye stader, og har derfor vore mykje sett ut i dyreparkar og reservat over store delar av verda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Aksishjort» (5. februar 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. april 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aksishjort
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Axis axis
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.