Aksje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein aksje er ein eigarandel i eit aksjeselskap. Ein person som eig aksjar i eit selskap (og dermed altså er medeigar i det), kallar vi for ein aksjonær i selskapet.

Ein grunn til at (eigarane av) aksjeselskap kan ønskje å tilby aksjar, er at dette kan vera ein billegare/enklare måte for aksjeselskapa å skaffe kapital på enn via lån. Ei ulempe er at eigarandelen til dei eksisterande aksjonærane blir mindre, om dei ikkje sjølv kjøper nye aksjar for å oppretthalde eigarandelen. Dersom eigarandelen blir redusert, mistar dei noko av kontrollen i selskapet.

Når eit selskap tilbyr nye aksjar, kallar vi det ein emisjon. Det er berre ved emisjonar at eit selskap får inn pengar frå aksjar, når dei blir omsett (sjå nedanfor), flyttar det seg pengar berre mellom kjøparen og seljaren av aksjane. Pengane selskapet får inn frå emisjonane, går inn i eigenkapitalen som aksjekapital og eventuelt overkursfond.

Kvar aksje gjev lik røysterett i generalforsamlinga med unnatak av i dei selskapa der aksjane er delt inn i ein A- og ein B-klasse. Der er det berre A-aksjane som gjev røysterett.

Kvar aksje gjev òg lik rett til eventuelt aksjeutbytte. I denne samanhengen blir det ikkje skild mellom aksjeklassar.

Ein aksje kan omsetjast, dvs. kjøpast og seljast. Dette kan gjerast direkte mellom to partar eller via ein børs som Oslo Børs. Berre aksjane til selskap som er teke opp til notering på børsen, kan omsetjast via børsen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]