Aksling
Aksling er ein makindel som vert nytta for å festa/bera roterande deler som hjul, reimskiver, og så vidare. Akslingar kan vera fast monterte eller rotera. Fast monterte akslingar kan vera direkte festa, eller opphengt i fjører. Roterande akslingar er opplagra i ei eller anna form for lager, som til dømes glidelager eller kulelager.
[endre] Akslingar på kjøretæy
Akslingar vert nytta for å festa hjula på kjøretøy. Vogner for hest har ofte akslar festa direkte til ei ramme, eller ved hjelp av fjører. På traktorar, skogsmaskinar, anleggsmaskinar og liknande er akslingane sjeldan avfjøra, men den eine akselen er pendlande opphengt. Lastebilar og terrengbilar har avfjøra stive akslingar, der fjørene kan vera bladfjører eller luftfjører. Personbilar har uavhengig fjøring på kvart hjul, med stutte akslingar som kvart hjul er festa til.
[endre] Akslingar nytta i motorar
Veivakselen i stempelmotorar vert utsett for store bøyekrefter og er opplagra på fleire stader, som oftast er det eit lager på kvar ende og mellom kvar råde. Veivakslar må lagast med høg presisjon er og eit døme på kompliserte akslingar. Firetaktsmotorar, og nokre totaktsmotorar, har ein kamaksel som syter for å opna og stenga ventilane i topplokket til rett tid.