Aksum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aksum eller Axum er ein by nord i Etiopia som ligg ved Adoua-fjella. Byen var senter for kongedømmet Aksum som oppstod rundt år 1 og gjekk under på 1100-talet.

Ein del av det som står att etter kongedømmet i Aksum er geez-språket og arkitektonisk kunst, slik som Aksum-obelisken.

Paktark-kyrkja i Aksum.

Den etiopiske ortodokse kyrkja seier at Maria av Zion-kyrkja i Aksum husar den bibelske paktarken som skal innehalda steintavlene som dei ti bod vart skrivne på. Byen blir rekna som den mest heilage i Etiopia, og mange pilegrimar reiser dit.

75 % av befolkninga i byen er etiopisk-kristenortodokse, medan resten er, sunnimuslimar eller tilhengjarar av P'ent'ay.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aksum