Aktau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aktau
Horisonten til Aktau
Byvåpenet til Aktau
Byvåpenet til Aktau
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Mangystau oblast
Grunnlagd 1961
Akim Salimgerej Bekbergenov
Geografi
Flatevidd
 - By

 ? km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

154 500
Koordinatar 42°54′″N 71°22′″EKoordinatar: 42°54′″N 71°22′″E
Tidssone UTC+5 (UTC+5)
Diverse anna
Postnummer 130000
Telefon-retningsnummer +7 7292
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Aktau (kasakhisk og russisk Ақтау) er ein by i Kasakhstan. Han ligg på Mangysjlakhalvøya og er ein hamneby ved Kaspihavet. Han er hovudstad i Mangystau oblast vest i landet.

Aktau har eit byblokk-system og ingen av gatene i byen har namn, men i staden tre nummer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Aktau var ein gong busett av skytiarar, men sjølve byen vart først bygd i 1961 som ein liten landsby etter at det vart funne store oljefelt i området. I 1963 fekk Aktau bystatus. Frå 1964 til 1991 heitte byen Sjevtsjenko til ære for den ukrainske diktaren Taras Sjevtsjenko, som ein gong vart sendt bort hit til denne avsidesliggande staden på grunn av den politiske separatismen hans.

Aktau hadde tidlegare eit atomkraftverk. Det var i drift frå 1973 til 1999. Kraftverket vart òg nytta til å produsere plutonium og for avsalting av sjøvatnet som vart nytta til drikkevatn for byen. Dei kasakhstanske styresmaktene har planar om å byggje eit nytt atomkraftverk med tida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]