Aktinometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Violle-aktinometer.

Aktinometer er eit fellesomgrep for instrument til å måle lysintensitet, særskild intensiteten til direkte sollys og lys som er diffust spreidd frå himmelkvelvingen . Aktinometera kan måle lysintensiteten på forskjellige måtar, som måling av varmeverknaden til strålinga. Pyrheliometer måler den kjemiske verknaden til lyset, som til dømes i fotografisk film. Dei kan òg målte den termoelektriske eller fotoelektriske verknaden til strålinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]