Aktobe oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ақтөбе облысы
Aktobe oblast
Våpen Plassering
Våpenet til Aktobe oblast Plasseringa til Aktobe oblast i Kasakhstan
Koordinatar 50°0′0″N 57°0′0″EKoordinatar: 50°0′0″N 57°0′0″E
Tidssone UTC+5
Administrasjon
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Hovudstad Aktobe
Akim Eleusin Sagyndykov
Inndeling
 – Raionar 12
 – Byar 8
Statistikk
Areal  300 600 km²
Folketal 678 900 (01/2005)
 - Folketettleik 2 /km²
Anna informasjon
Postnummer 030000
Retningsnummer +7 (713)
Bilnummer D
Nettside http://akimat.info/

Aktobe (kasakhisk Ақтөбе облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Aktobe, som har 340 000 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 678 900 innbyggjarar. Oblastet dekkjer eit areal på 300 600 km² og er det nest største i Kasakhstan etter Karagandy oblast.

Aktobe oblast grensar til Russland i nord og Usbekistan i sør, i tillegg til dei seks andre oblasta Atyrau oblast, Mangystau oblast, Karagandy oblast, Kostanaj oblast, Kyzylorda oblast, and Vest-Kasakhstan oblast. Ilek, ei sideelv til Uralelva, renn gjennom oblastet.

Landskap søraust i Aktobe

Namnet Aktobe kjem frå det kasakhiske Ақ («kvit») og төбе («ås») og kjem visstnok av at dei første busetjarane her kunne sjå dei kvite fjella langt nord.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]