Akvarium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå eit akvarium i Monaco

Eit akvarium er ein gjennomsiktig glastank med vatn og levande dyr og/eller plantar i, vanlegvis fisk. Omgrepet vert òg nytta om bygningar med mange akvarier i, t.d. Akvariet i Bergen og Akvariet i Ålesund.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Akvarietradisjonen stammar sannsynlegvis frå den tradisjonelle japanske karpeoppdretten, som spreidde seg til Europa via munkar. Det var i Kina akvaria tok steget inn i private heimar, der det var vanleg med enkle vassbehaldarar med paradisfisk i husa til rike folk. I moderne tid har hobbien utvikla seg til eit folkefenomen, og per i dag kan alle heimar med innlagd straum og vatn få seg vakre og spanande undervatnsmiljø frå kvar som helst i verda.

Private akvarium[endre | endre wikiteksten]

I private heimar vert akvarium gjerne innreidd med undervassplantar og tropisk fisk, som regel med eit botnlag av grus og/eller sand. Stein, røter og diverse pyntegjenstandar er òg vanleg. Dei fleste akvarier har òg eit system av filter, termostatar, luftinnsprøytarar, kraftige lys og liknande for å halda innbyggjarane friske og raske.

Offentlege akvarium[endre | endre wikiteksten]

Offentlege akvarium er dyreparkar med vasslevande dyr, og finst i mange byar. Desse har som regel store samlingar med mindre akvarium, i tillegg til ein del verkeleg store med t.d. sel, hai, pingvinar eller delfinar. Det første offentlege akvariet vart opna i London i 1853. I Noreg var Akvariet i Bergen først ute, i 1960.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Akvarium