Alónnisos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alónnisos
Lokalt namn: Αλόννησος
Alónnisos
Alónnisos
Geografi
2011 Dimos Alonnisou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°07′N 23°43′EKoordinatar: 39°07′N 23°43′E
Øygruppe Dei nordlege Sporadane
Areal 64 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Sporadane
Største busetnad Patitíri (1 628 innb.)
Demografi
Folketal 2 750 (2011)
Folketettleik 21,2 /km²

Alónnisos (gresk Αλόννησος), òg skrive Alonisos eller Alonissos, er ei øy vest i Egearhavet i Hellas. Øya er ein del av Dei nordlege Sporadane.

Alónnisos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Magnisía prefektur, men frå 2011 inngår øya saman med Skiáthos og Skópelos i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía.

Alónnisos ligg 3 km aust for Skópelos. Kommunen Alónnisos inkluderer fleire andre småøyar, mellom anna Adelfíøyane, Joúra, Kyrá Panajá, Peristéra, Pipéri, Psathoúra og Skándzoura.

På det breiaste er øya 4,5 km frå nordvest til søraust, og på den lengste 20 km frå sørvest til nordaust. Øya består stort sett av kalkstein. Alónnisos ligg aust for fastlandet i Hellas og Magnisía, nordaust for Évvia og nordvest for øya Skýros. Alónnisos har ein hovudveg som fører til tre landsbyar vest på øya og fleire unytta vegar rundt om på øya.

Alónnisos er óg namnet på hovudlandsbyen på øya. Han ligg sør på øya og vert lokalt kalla Khóra. Hovudhamna til øya, som òg er hovudsete i kommunen, ligg i søraust og heiter Patitíri. Frå her går det ferjer til Vólos, Ájos Konstandínos og Thessaloníki på fastlandet, og til øyane Skiáthos, Skópelos og Skýros.

I mellomalderen og fram til 1800-talet vart hovudlandsbyen kalla Khiliodrómia, som tyder «tusen vegar». Andre namn var Diadrómia og Iliodrómia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]