Al-Andalus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

al-Andalus er det arabiske namnet på dei områda av Den iberiske halvøya som var under muslimsk styre frå 711 til 1492.[1][2][3] Som geografisk område varierer derfor al-Andalus med tidsperiode. Al-Andalus er opphavet til Andalucía der det muslimsk styret varte lengst.

Arabiske og berbiske styrkar invaderte Iberia i 711 og erobra raskt mesteparten av halvøya. Unntaket var dei fattige fjellområda i nord der sjølvstendige kristne kongedøme etter kvart vart skipa. I 756 etablerte Abd al-Rahman I, ein prins av Umayyade-dynastiet, seg som emir med hovudstad i Córdoba. Under Abd al-Rahman I og etterkomarane hans hadde al-Andalus den politiske og kulturelle stordomstida si og i 929 tok Abd al-Rahman III tittelen kalif.

Hundre år seinare braut Córdoba-kalifatet saman og al-Andalus vart delt opp i fleire såkalla taifa-kongedøme. Desse var i stadig konflikt med kvarandre og vart lett bytte for dei kristne kongedømma. Den kristne Reconquista, «gjenerobringa», skaut dermed fart. Denne utviklinga vart bremsa av to invasjonar frå Marokko, først almoravidane og så almohadane, men ingen av desse dynastia klarte på sikt å ta tilbake nemneverdige område. Då Almohade-kalifatet braut saman på 1200-talet kollapsa òg al-Andalus som for det meste vart erobra av dei kristne. Berre kongedømet Granada stod att som ein siste muslimsk bastion, men måtte ofte betale tributt til Castilla. På sikt vart presset òg her for sterkt. Granada fall i 1492.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Para los autores árabes medievales, el término al-Andalus designa la totalidad de las zonas conquistadas - siquiera temporalmente - por tropas arabo-musulmanas en territorios actualmente pertenecientes a Portugal, Espana y Francia» («For dei mellomalderske arabiske forfattarane, omfatta al-Andalus alle dei erobra områda, sjølv mellombelse, av arabisk-muslimske troppar i områda som no høyrer til Portugal, Spania og Frankrike.»), José Ángel García de Cortázar, V Semana de Estudios Medievales: Nájera, 1 al 5 de agosto de 1994, Gobierno de La Rioja, Instituto de Estudios Riojanos, 1995, s.52.
  2. «Los arabes y musulmanes de la Edad Media aplicaron el nombre de al-andalus a todas aquellas tierras que habian formado parte del reino visigodo : la Peninsula Ibérica y la Septimania ultrapirenaica.» («Arabarane og muslimane frå mellomalderen nytta namnet al-Andalus om alle områda som tidlegare var ein del av det vestgotiske kongedømet: Den iberiske halvøya og Septimania»), Eloy Benito Ruano, Tópicos y realidades de la Edad Media, Real Academia de la Historia, 2000, s.79.
  3. «Andalus, al-» Oxford Dictionary of Islam. John L. Esposito, Ed. Oxford University Press. 2003. Oxford Reference Online. Oxford University Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Al-Andalus


Koordinatar: 41°31′N 2°49′W