Al-Ghab-sletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Ghab-sletta
slette
Sahl el Ghab.
Land  Syria
Guvernement Hama guvernement, Idlib guvernement
Kart
Al-Ghab-sletta
35°35′13″N 36°21′22″E / 35.587°N 36.356°E / 35.587; 36.356

Ghabsletta (arabisk سهل الغاب) er ei frodig slette nordvest i Syria.[1] Dalen vart oversymd i fleire hundreår av vatn frå Orontes, som gjorde sletta til eit sumpområde.[2][3] Ghabprosjektet vart sett i gang i 1950-åra for å drenere dalen og gjere han habitabel og dyrkbar.[4] Dette gav Syria eit område på 41 000 km² med kunstig vatna jordbruksland.[5]

Dalen skil al-Ansariyahfjella i vest frå Zawiyahfjella og platået aust i regionen.[1] Dalen er 63 km lang og 12,1 km brei.[2]

Ghabprosjektet[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet starta i 1953 og vert rekna som eit av dei viktigaste hydrologiske prosjekta nord i Syria. På grunn av ei slak helling (0,10 %) i Orontes i området kring Asharnah, gav ikkje elva nok vatn til dei kringliggande områda. Prosjektet drenerte sletta Orontes strøymde over og vart heilt drenert i 1968 og gav 11 000 familiar nytt jordbruksland.[4]

Ghabprosjektet gjorde at store område kunne dyrkast opp og det vart utvikla eit nytt irrigasjonssystem. Systemet omfatta demningar og kanalnettverk for drenering. Store demningar vart bygde i Mhardeh, Zayzun, Qarqur og andre landsbyar. Dammen ved Mhardeh, bygd i 1961, er 40 meter høg og 200 meter lang og held 65 mill. kubikkmeter vatn.[4] Zeyzoundammen, bygd i 1996, var 32 meter høg og heldt 71 mill. kubikkmeter vatn. Han kollapsa i juni 2002 og 22 menneske mista livet og eit 80 kvadratkilometer stort landområde vart fløymd nedanfor demninga.

Andre fordelar med Ghabprosjektet er utbetringar i kommunikasjonssystema gjennom bygging av vegar og jernbane, som tidlegare ikkje var mogeleg på grunn av myrområda. I tillegg vart det langt mindre malaria sidan det var langt mindre stilleståande vatn.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Federal Research Division, 2004, s. 74.
  2. 2,0 2,1 Sofer, 1999, s. 205.
  3. South, Coleman. Syria. Tarrytown, N.Y.: Marshall Cavendish Benchmark, 2006. Print.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 de Miranda, 2007, s. 267.
  5. Salman, 2009, s. 28.