Al-Masmiyah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Masmiyah
المسمية
by
Teikning frå 1800-talet av innsida av romartempelet («Praetorium») i al-Masmiyah
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Al-Sanamayn-distriktet
Nahiyah Al-Masmiyah
Koordinatar 33°7′45″N 36°23′38″E / 33.12917°N 36.39389°E / 33.12917; 36.39389
Folketal 1 498  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Masmiyah
33°07′45″N 36°23′38″E / 33.12916667°N 36.39388889°E / 33.12916667; 36.39388889
Wikimedia Commons: Al-Masmiyah

Al-Masmiyah (arabisk المسمية, òg skrive Musmiyeh, Mesmiyeh, Mismiya og Musmeih) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nordaust for Daraa i al-Sanamayn-distriktet. Av stader i nærleiken finn ein Jabab og Muthabin i vest, Ghabaghib i nordaust, Jubb al-Safa i nord, Burraq i nordaust, Khalkhalah og al-Surah al-Saghirah i søraust, Dama i sør,[1] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Masmiyah eit folketal på 1 498 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Masmiyah nahiyah («underdistrikt») som består av 16 stader med eit samla folketal på 8 773 i 2004.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Al-Masmiyah er identifisert som Phanea i romartida.[3] Phaena var senter i distriktet Trakonitis i Romersk Syria, som ein kan sjå av ein gresk inskripsjon i det romerske tempelet som les «Julius Saturninus til folket av Phaena, hovudstad i Trachon.»[4] Ruinane av hus bygde i romartida i bataneansk arkitekturstil trur ein kan ha vore heimen til den romerske guvernøren i Trakonitis.[5] Eit av romma på bakkenivå vart støtta av ein 6 meter vid boge og hadde ein tak dekorert av karnissar. I byen ligg ruinar av eit heidensk tempel frå romartida, kalla Praetorium[6][7] som vart bygd av kommandøren av den tredje galliske legionen mellom 160-169 fvt. under regjeringstida til keisarane Aurelius Antoninus og Lucius Aurelius Verus.[4]

Tidleg på 200-talet fvt. var Phaena framleis ein viktig landsby kalla ein metrocomia.[8] Praetorium vart omgjort til ei kyrkje i bysantinsk tid og strukturplanen gjer han til ei av dei eldste bysantinske kyrkjene.[9] Den antikke byen Phaena hadde ein radius på kring 5 km og var dermed minst like stor som den gamle, innemura byen Damaskus og større enn gamlebyen i Jerusalem.[10] Under bysantinsk tid vart han eit bispesete.[3][4]

Den osmanske tida[endre | endre wikiteksten]

I 1810 vart den sveitsiske oppdagaren Johann Burckhardt den første moderne forskaren som vitja al-Masmiyah og han vart seinare etterfølgd av Bankes og Barry, som teikna Praetorium i 1819.[11] I 1838 rapporterte bibelforskaren Eli Smith at han var ein kurdisk busett landsbyen.[12] Seint i 1860-åra levde eit par fattige, arabiske familiar frå Sulut-folket visstnok i ruinane av al-Masmiyah.[13] Landsbyen var nesten fråflytta på denne tida, men stundom okkupert av nomadiske arabiske familiar som søkte ly i ruinane.[10]

I 1870-åra var al-Masmiyah ein folketom landsby.[3] Han vart seinare busett då den osmanske sultanen Abdul Hamid II (1876-1909) tok over al-Masmiyah og seks andre nærliggande landsbyar seint på 1800-talet som sin personlege eigedom. Bøndene han tilsette i landsbyen fekk vakter som verna dei mot nomadiske bandittar. Dei slapp òg verneplikta, verna mot skatteinnkrevingar frå lokale folk og stundom fekk dei låne pengar utan renter. Desse faktorane gjorde at al-Masmiyah blømde.[14] I 1875, før regjeringstida til Abdul Hamid, tok den osmanske hæren frå kvarandre Praetorium for å bygge nærliggande kasernar ved Burraq. Tempelet hadde tidlegare vorte fotografert av Thomas Dumas.[11]

I 1886 vart al-Masmiyah ei kort stund okkupert av drusarar frå Atrash og Halabi under ein krangel med Sulut-folket.[15] Etter Den unge tyrkarrevolusjonen i 1908 avstod sultanen eigedomen til skattedepartementet i Damaskus vilajet og innbyggjarane måtte dermed byrje å betale skatt av jordbruksprodukta sine.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mismiyah Map. Mapcarta. Map depicts al-Masmiyah and nearby localities.
  2. Folketeljing 2004 Arkivert 2019-12-23 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  3. 3,0 3,1 3,2 Socin, 1876, s. 422.
  4. 4,0 4,1 4,2 Porter, 1858, s. 503.
  5. Freshfield, 2001, s. 57.
  6. Van Millingen, 2010, s. 12.
  7. Ball, 2000, s. 242-243.
  8. Donahue, 1988, s. 172.
  9. Longfellow, 1895, s. 238.
  10. 10,0 10,1 Porter, 1858, s. 502.
  11. 11,0 11,1 Kaizer, s. 110.
  12. Smith, 1841, s. 155.
  13. Freshfield, 2001, s. 59.
  14. 14,0 14,1 Issawi, 1988, s. 330.
  15. Firro, 1992, s. 216-217.