Al-Qalamoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Qalamoun
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Tripoli distrikt
Koordinatar 34°23′00″N 35°47′00″E / 34.3833°N 35.7833°E / 34.3833; 35.7833
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Al-Qalamoun
34°23′00″N 35°47′00″E / 34.3833°N 35.7833°E / 34.3833; 35.7833
Wikimedia Commons: Al-Qalamoun

Al-Qalamoun (arabisk القلمون) er ein kystby ved Middelhavet i Nord guvernement i Libanon i Tripoli distrikt.[1][2] Byen ligg 5 km sør for Tripoli[3] og er òg den første byen sør for Tripoli.[4]

Namn[endre | endre wikiteksten]

I gresk-romersk tid vart Al-Qalamoun kalla Kalamos eller Kalomo, medan han under krosstoga vart kalla Calmont eller Calamón.[5][6]

Variantar av det moderne namnet er: El-Qalmoun, Al-Qalamun, El-Qalmoûn, Al-Qalamūn og El-Qalamoûn.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al-Qalamoun har ei historie som dekkjer 5000 år[8] og i løpet av historia har han vore ein jordbrukslandsby.[9]

I moderne tid har han vorte eit senter for smedarbeid i kopar, messing og bronse.[10][11][12][13][14][15]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Det står ein gammal moské i Al-Qalamoun kalla Bahr-moskeen. Moskeen er kring 800 år gammal, bygd på tida dåTripoli vart styrt av krossfararar. Moskeen vart restaurert av sjeik Ali al-Bagdadi (1778).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Al-Qalamoun i Libanon
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 16 17 18 21 25 28 30 30 29 26 22 18 23
Gjennomsnittleg min °C 8 7 10 12 16 19 22 22 21 17 12 10 15
Gns. dagar med regn 6 4 4 2 0 0 0 0 0 2 2 4 24
Kjelde: climate-zone.com/[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Qalamoun Municipality
  2. Qalamoun Homepage
  3. Towns and Villages Neighbouring Tripoli Libanon, arkivert frå originalen 15. april 2010, henta 21. september 2014 
  4. Al Qalamoun, arkivert frå originalen 17. september 2016, henta 21. september 2014 
  5. Major Cities – Qalamoun
  6. Al Qalamoun
  7. Al Qalamun, Libanon Page, arkivert frå originalen 31. oktober 2007, henta 21. september 2014 
  8. Kalamoun Homepage, arkivert frå originalen 26. september 2013, henta 21. september 2014 
  9. Towns and Villages Neighbouring Tripoli Libanon, arkivert frå originalen 15. april 2010, henta 21. september 2014 
  10. Major Cities – Qalamoun
  11. Al Qalamoun
  12. Al Qalamoun, arkivert frå originalen 30. november 2009, henta 21. september 2014 
  13. Kalamoun Homepage, arkivert frå originalen 26. september 2013, henta 21. september 2014 
  14. Al Qalamoun, arkivert frå originalen 17. september 2016, henta 21. september 2014 
  15. Towns and Villages Neighbouring Tripoli Libanon, arkivert frå originalen 15. april 2010, henta 21. september 2014 
  16. «Al-Qalamoun’s climate equated with Tripoli’s climate due to close proximity». climate-zone.com/. 2006. Henta 21. september 2014.