Aladdin Sane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aladdin Sane
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 13. april 1973
Innspelt Trident Studios og RCA Studios i London, og Nashville i Tennessee, 6. oktober 1972 til 24. januar 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 40:47
Selskap RCA Records
Produsent Ken Scott og David Bowie
Kritikk
David Bowie-kronologi
The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
(1972)
Aladdin Sane Pin Ups
(1973)

Aladdin Sane er det sjette albumet til David Bowie, gjeven ut av RCA Records i 1973. Det var oppfølgjaren til gjennombrotet hans, The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, og det første albumet Bowie skreiv og gav ut som skikkeleg rockestjerne. Mange kritikarar meiner at det inneheld nokre av dei beste songane hans, men meiningar om den heilheitlege kvaliteten er ofte delte. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla albumet «merkeleg utilfredsstillande, og langt mindre enn somme av delane»,[8] medan Bowie-biografen Nicholas Pegg skildra det som «eit av dei mest påtrengande, uimotståelege og viktige» utgjevingane hans.[9] Rolling Stone-meldinga av Ben Gerson meinte det var «mindre manisk enn The Man Who Sold The World og mindre intimt enn Hunky Dory, utan åtaka av tvil på seg sjølv.»[6] Det var eit av seks Bowie-album som finst på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene (på 277. plass) og vart rangert på 77. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma i 1970-åra.

«Ziggy goes to America»[endre | endre wikiteksten]

Namnet på albumet er eit ordspel på «A Lad Insane» («ein galen fyr»). Ein tidleg variant var «Love Aladdin Vein», som Bowie delvis droppa sidan det kunne knytast til narkotikamisbruk.[10] Sjølv Aladdin Sane teknisk sett var ein ny «Bowie-karakter», var Aladdin Sane i røynda ei utvikling av Ziggy Stardust i utsjånad og person, som ein kan sjå på plateomslaget og på konsertane til Bowie i 1973, som kulminerte med at Ziggy «trekte seg attende» ved Hammersmith Odeon i juli dette året. Det var ikkje noko tematisk heilskap på dette albumet, slik det var på føregjengaren.[11]

Bowie sjølv har skildra Aladdin Sane så enkelt som «Ziggy goes to America» («Ziggy dreg til Amerika»), og dei fleste av songane er observasjonar han skreiv under turneen i USA i 1972 - som er årsaka til at stadnamna følgjer kvar songtittel på plateomslaget.[8] Biografen Christopher Sandford meiner at albumet viste at Bowie var «både rysta av og fiksert på Amerika».[12]

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Aladdin Sane vart spelt inn i Trident Studios i London frå desember 1972 til januar 1973, mellom dei to delane av den amerikanske Ziggy Stardust-turneen. Eit ønske om å gje ut albumet så raskt som mogeleg gjorde at vokalen på den Rolling Stones-påverka «Watch That Man» og munnspelet på «Cracked Actor» drukna i miksen.[8][13] Bowie og produsent Ken Scott har tidlegare motsagt dette om «Watch That Man» og hevda at ein ny miks dei lagde med vokalen tydlegare framme, som føreslått av Mainman-managementet og RCA Records, var dårlegare enn originalen som til slutt vart gjeven ut.[13][14]

Aladdin Sane hadde ein tøffare rockestil enn forgjengaren,[13] særleg på songar som «Panic in Detroit» (bygd rundt ein Bo Diddley-rytme) og Bowie sin halsbrekkande versjon av Stones sin «Let's Spend the Night Together».[8] Albumet var òg kjend for at Bowie utforska uvanlege stilartar som avantgard-jazztittelsporet og Bertolt Brecht-aktig kabaret på «Time», sistnemnde er kjend for tekstlinja «Time ... falls wanking to the floor». Begge songane var dominerte av pianoet til Mike Garson,[13] som òg er tydeleg på balladen «Lady Grinning Soul», inspirert av songaren Claudia Linnear.[8]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

To hit singlar på albumet vart gjevne ut før sjølve albumet kom ut. Det var «The Jean Genie», ein tung R&B-song med tekst laust basert på Iggy Pop[15] , og «Drive-In Saturday», ein doo wop-melodi som omhandlar ei framtid der folk må lære å ha sex på nytt ved å sjå gamle pornofilmar.[8] «Time» vart seinare gjeve ut på singel i USA og Japan, og «Let’s Spend the Night Together» i USA og Europa. I 1974 gav Lulu ut ei utgåve av «Watch That Man» som b-sida til singelen «The Man Who Sold the World», som begge var produsert av Bowie og Mick Garson.

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Med eit førehandssal på 100 000 kopiar,[13] debuterte Aladdin Sane på toppen av den britiske albumlista og nådde 17. plass i USA, noko som var det mest suksessrike albumet Bowie hadde hatt i begge landa til då. I Noreg nådde albumet 11. plass. Albumet vart generelt hylla av kritikarane, som var enno meir entusiastiske i USA enn i Storbritannia.[15] Rolling Stone skreiv om «dei utfordrande melodiane til Bowie, dei vågale tekstane, meisterlege arrangementa (med Mick Ronson) og produksjonen (med Ken Scott)»,[6] medan Billboard kalla det ein kombinasjon av «rå energi med eksplosiv rock». I den britiske musikkpressa hevda enkelte kritikarar at Bowie selde seg ut og magasinet Let it Rock meinte at albumet var meir stil enn innhald, og meinte at «han hadde ingenting å sei og alt å sei med det».[15]

Bowie spelte alle songane, bortsett frå «Lady Grinning Soul», på turneane sine i 1972–1973, og mange av dei på Diamond Dogs-turnéen i 1974. Konsertversjonar av alle songane bortsett frå «The Prettiest Star» og «Lady Grinning Soul» har vore gjeve ut på forskjellige konsertalbum som Ziggy Stardust - The Motion Picture, David Live og Aladdin Sane - 30th Anniversary. «The Jean Genie» er den einaste songen på albumet som Bowie har spelt på konsertar gjennom heile karrierar. I 1979 spelte Bowie inn ei ny utgåve av songen «Panic In Detroit», men denne vart først gjeve ut som bonusspor på CD-utgåva av Scary Monsters (and Super Creeps) i 1990.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Watch That Man»   4:25
2. «Aladdin Sane (1913-1938-197?)»   5:06
3. «Drive-In Saturday»   4:29
4. «Panic in Detroit»   4:25
5. «Cracked Actor»   2:56
Side to
# Tittel Lengd
6. «Time»   5:09
7. «The Prettiest Star»   3:26
8. «Let's Spend the Night Together» (Mick Jagger, Keith Richards) 3:03
9. «The Jean Genie»   4:02
10. «Lady Grinning Soul»   3:46

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Aladdin Sane har vore nymastra tre gonger. Første gong var i 1990 av Rykodisc/EMI, medan Virgin Records gav ut ei utgåve i 1999 med betre digitallyd. I 2003 kom det ei 30th Anniversary Edition med ein ekstra bonus-CD.

Bonusplate[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing (Sax version)» – 2:45
  2. «The Jean Genie (Original single mix)» – 4:07
  3. «Time (Single edit)» – 3:43
  4. «All the Young Dudes» (mono) – 4:12
  5. «Changes» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 3:20
  6. «The Supermen» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 2:42
  7. «Life on Mars?» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 3:25
  8. «John, I'm Only Dancing» Konsertugåve frå Boston Music Hall, 1. oktober 1972 – 2:40
  9. «The Jean Genie» Konsertutgåve frå Santa Monica Civic Auditorium 20. oktober 1972 – 4:10
  10. «Drive-In Saturday» Konsertutgåve frå Cleveland Public Auditorium, 25. november 1972 – 4:53

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Aladdin Sane» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2011.
  • Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: pp. 52-56
  • David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: pp. 182-189
  1. Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( Aladdin Sane > Review )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2482. Henta 3. mai 2011. 
  2. «Aladdin Sane». Blender. http://www.blender.com/guide/reviews.aspx?id=3894. Henta 3. mai 2011. 
  3. Davidson, John (22. august 2003). «Aladdin Sane 30th Anniversary 2CD Edition». PopMatters. http://www.popmatters.com/music/reviews/b/bowiedavid-aladdinsane.shtml. Henta 3. mai 2011. 
  4. O'Brien, Lucy. «Review: David Bowie – Aladdin Sane (Re-release)». Q (EMAP Metro Ltd) (July 1999): 132. 
  5. Christgau, Robert. «David Bowie». Creem. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie. Henta 3. mai 2011. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Gerson, Ben (19. juli 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/aladdin-sane-19730719. Henta 21 March 2011. 
  7. Weisbard & Marks, 1995. s.55
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. ss. 52–56. ISBN 0-380-77966-8. 
  9. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. ss. 281–283. ISBN 1-903111-73-0. 
  10. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. ss. 20–21. ISBN 1-903111-73-0. 
  11. Kris Needs (1983). Bowie: A Celebration: s.29
  12. Christopher Sandford (1996, 1997). Loving the Alien: s.109
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. ss. 182–189. ISBN 0-7535-0457-X. 
  14. David Bowie (2003). Aladdin Sane 30th Anniversary Edition: CD liner notes
  15. 15,0 15,1 15,2 Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. ss. 110–111. ISBN 1-903111-73-0.