Aladura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aladura (joruba for 'bøneeigarar') er ei gruppe vestafrikanske kyrkjer som er karakteriserte ved ei sterk tru på bøn og offentleg utøving av henne, og andre element tilknytt pinserørsla. Fasting er også viktig. Gjennom å utøva desse kan ein oppleva Gud i draumar og visjonar.

Aladura-tilhengjarar meiner mellom anna at ein kan legast ved hjelp av bøn, og avviser både tradisjonell religiøs medisin og moderne vestleg. Dei meiner også at trolldommen som er del av den tradisjonelle religionen verker, men at han kjem frå vonde krefter.

Aladura-rørsla vart starta i Ijebu-Ode i Nigeria i 1920-åra og vart framskunda av influensaepidemien som braut ut då.

Viktige kyrkjesamfunn innan rørsle er mellom anna The Church of the Lord (Aladura), The Christ Apostolic Church, The Seraphim Society og Celestial Church of Christ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]