Alakaluf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei alakaluf-kvinne sel suvenirar i Chile.

Alakaluf-folket (også kjend som kawésqar eller halakwulup) var ei innfødd folkegruppe som levde på Eldlandet heilt sør i Sør-Amerika. Ein rest av folkegruppa har overlevd fram til i dag. Den einaste busetnaden på Wellington-øya i Chile, landsbyen Puerto Edén, reknar seg for å heimen til dei siste av alakaluf-folket.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt livnærte folket seg som nomadiske sjøfararar. Dei tok aldri til med jordbruk, men sanka sjømat, jakta sel og andre sjødyr og levde på eit svært enkelt nivå. Folket vart aldri særleg talrikt; folketalet kom aldri så høgt som 5000 menneske. Alakaluf-folket snakka sitt eige språk, kjend som kawésqar. Rundt år 1930 gjekk ei gruppe alakaluf bort frå nomadelivet og slo seg ned i Puerto Edén på Wellington-øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lik dei andre eldlendarane fekk alakaluf-folket eit brutalt møte med dei kvite etter at europearane oppdaga Eldlandet på 1500-talet. Mange døydde av sjukdommar som dei kvite innførte, eller dei møtte aktiv fiendskap frå dei kvite. I 1881 vart elleve personar frå alakaluf-folket tekne med til Europa for å setjast på utstilling i Bois de Boulogne i Paris og i Zoologischer Garten Berlin. Etterpå vart dei førte tilbake til heimlandet, men det var berre fire som hadde overlevd turen.

Universitetet i Zürich overtok seinare leivningane av fem andre frå ekspedisjonen, men av etiske årsaker sendte sendte universitetet leivningane tilbake til Chile i 2010. Då staten Chile hadde motteke leivningane, bad den chilenske presidenten om unnskulding for at staten hadde tillate å senda desse urfolkmenneska ut av landet for at dei der skulle handsamast som dyr.

I dag er det berre svært få som reknar seg som fullblods alakaluf, og sjølv om det blir gjeve språkopplæring i kawésqar, er det svært få aktive språkbrukarar att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]