Alan Parsons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alan Parsons
Alanparsons1.jpg
Fødd 20. desember 1948
Instrument Tangentinstrument, vokal og fløyte
Sjanger Rock
Aktive år 1968-til i dag
Yrke Musikar, plateprodusent og lydteknikar
Tilknytt artistar The Alan Parsons Project
Nettside Offisiell side
Denne artikkelen omhandlar Alan Parsons. Sjå artikkelen The Alan Parsons Project for detaljert historie om bandet.

Alan Parsons (fødd 20. desember 1948) frå London i England, er ein britisk lydteknikar, musikar og plateprodusent.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Parsons vart først kjend som lydteknikar i Abbey Road Studios for kjende plater som The Beatles si Abbey Road og Pink Floyd si The Dark Side of the Moon. Han gjekk ofte lenger enn det som normalt vart rekna for å vere ein lydteknikar sine oppgåver, og han såg på seg sjølv som ein innspelingsregissør der han samanlikna sine medverknadar til innspelinga med det Stanley Kubrick gjorde på film. Dette er tydleg på Al Stewart si Year of the Cat, der Parsons la til saksofon og omforma det som kunne vore ei vanleg vise til ein jazzpåverka ballade, som fekk Al Stewart inn på hitlistene. Ein kan òg høyre påverknaden til Alan Parson på The Hollies sine songar «He Ain't Heavy, He's My Brother» og «The Air That I Breathe», som skil seg mykje ut frå deira tidlegare popsinglar på 60-talet. .

Parsons har òg produsert tre album av bandet Pilot, eit skotsk rocke-/popband, der medlemmane Ian Bairnson på gitar, Stuart Tosh på trommer og David Paton på vokal, gitar og bass, seinare vart med i The Alan Parsons Project.

Tilsynelatande inspirert av sine eigne påverknadar på Stewart sitt arbeid grunnla han The Alan Parsons Project med produsent og låtskrivar Eric Woolfson i 1975. The Project vart oppløyst i 1987, og Parsons haldt fram med ei solokarrierere og samarbeida med andre musikarar.

Sjølv om han var både vokalist, tangentspelar og fløytist, song ikkje Parsons så ofte på sine eigne album, og spelte stort sett berre tangentar. Innspelingar av han på fløyte er deriomt så godt som ukjend. Gitaristen Ian Bairnson har arbeida med Parsons på soloalbuma hans.

I det siste har han delvis brukt det gamle bandnamnet sitt på konsertar, der han kallar seg The Alan Parsons Live Project (med lov frå Woolfson). I åra 2004-2006 spelte The Alan Parsons Live Project konsertar over heile verda etter det siste albumet hans A Valid Path.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]