Alan Silvestri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alan Anthony Silvestri (fødd 26. mars 1950) er ein USA-amerikansk filmmusikkomponist frå Teaneck i New Jersey.

Som ung tok Silvestri gitartimar ved Berkeley College of Music i Boston, men etter to år hoppa han av og reiste på turné med bandet C. C. Riders. Tjueein år gamal tok han til med filmmusikkomposisjon, og den fyrste storfilmen han komponerte for var The Doberman Gang frå 1972.

Opp gjennom åra har han utvikla eit samarbeid med filmregissøren Robert Zemeckis. Dette har m.a. gjeve resultat i Tilbake til fremtiden-filmane, Forrest Gump, Contact, Cast Away, Polarekspressen, Beowulf og A Christmas Carol (2009). For soundtracka til Forrest Gump og Polarekspressen vann Silvestri både Oscar-prisen og Golden Globe-prisen.

Filmmusikk av Alan Silvestri (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]