Alanya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°33′N 32°00′E
Alanya
by
none  Alanya sentrum og hamn
Alanya sentrum og hamn
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Antalya
høgd 0–250 moh
koordinatar 36°33′N 32°00′E
Areal 1 582 km²
Folketal 98 627
Tettleik 62 / km²
Grunnlagd 1872
borgarmeister Hasan Sipahioğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 07400
Retningsnummer (0090)+ 242
Bilnummer 07
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.alanya.bel.tr

Alanya, tidlegare Alaiye, er ein ferieby og eit distrikt i provinsen Antalya i Middelhavsregionen i Tyrkia, 166 km frå byen Antalya. Byen ligg ved sørkysten av Tyrkia og har kring 100 000 innbyggjarar (2010).[1]

På grunn av den naturlege strategiske plasseringa på ei lita halvøy i Middelhavet ved Taurusfjella, og har vore ein lokal skanse for mange rike i Middelhavet, som ptolemaiske, Selevkide, romarane, austromarane og Det osmanske riket. Alanya hadde størst politisk innverknad i mellomalderen under Rum-sultanatet som vart styrt av Alaeddin Kayqubad I, og som byen har fått namnet sitt etter.

Den varme middelhavsklimaet, naturen og dei historiske monumenta har gjort Alanya til eit populært turistmål og står for 9 % av turistsektoren i Tyrkia og tretti prosent av utanlandsk kjøp av eigedom i Tyrkia. Turismen har auka sidan 1958 og vorte den dominerande næringa i byen.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Byen har skifta nasjonalitet mange gonger oppgjennom historia og namnet har reflektert dette. Alanya var kjent på latin som Coracesium eller på gresk som Korakesion frå luvisk Korakassa som tyder «punkt/utstående byen». Under Det bysantinske riket var byen kjent som Kalonoros eller Kalon Oros, som tyder «vakkert fjell» på gresk. Seldsjukkane døypte om byen til Alaiye (علاعية), ei omskriving av namnet til sultan Alaeddin Kayqubad I. På 1200- og 1300-talet, kalla italienske handelsmenn byen for Candelore eller Cardelloro. Under vitjinga si i 1935, sluttførte Mustafa Kemal Atatürk namnet i det nye alfabetet som Alanya, endra 'i' og 'e' i Alaiye, visstnok på grunn av ei feilstaving i eit telegram i 1933.[2][3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Regnboge over Alanya

Alanya har eit typisk middelhavsklima.

Klimadata for Alanya
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 16.2 16.3 18.3 21.1 24.7 28.7 31.5 32.0 30.2 26.5 21.6 17.7 23 73
Døgnmiddeltemp. °C 11.8 11.9 13.8 16.9 20.9 25.0 27.7 27.9 25.4 21.3 16.5 13.2 19 36
Normal min. temp. °C 8.6 8.4 10.1 13.0 16.7 20.4 23.3 23.6 21.2 17.4 13.0 10.0 8,4
Nedbør (mm) 199.6 148.7 98.6 65.5 33.7 9.9 10.0 5.7 19.1 98.6 187.6 231.5
relativ fukt 57 57 61 63 66 66 64 65 58 55 59 60 60,9
Normal mengd regndagar 13.8 11.6 9.6 8.5 4.8 1.8 1.3 1.6 2.9 6.8 10.0 13.1 85,8
Normale månadlege solskinstimar 130.2 131.6 198.4 231.0 300.7 330.0 337.9 322.4 279.0 223.2 168.0 136.4 2 788,8
Kjelde nr. 1: Turkish State Meteorological Service [4]
Kjelde nr. 2: Weather2 [5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alanya

Koordinatar: 36°33′0″N 32°0′0″E