Alaska-husky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alaska-husky

Alaska-husky er den mest kjende uregistrerte typen husky. Alaska-husky er opphavleg basert på nordlege indianarhundar med innblanding av inuithundar som dei tre(fire) registrerte rasane: alaskan malamute, grønlandshund, sibirsk husky og canadian inuit dog (ikkje internasjonalt godkjend som eigen rase). I dag er mange alaska-huskyar prega av sterk innblanding av fuglehundar, da særleg pointer, men òg andre rasar. Av somme i trekkhundmiljøet blir framleis desse omtala som alaska-husky, av andre som kvartingar, åttandedelingar osb. etter graden av innblanding av nytt blod. I USA vil ein kunna høyre uttrykk som Pure Athabascan Breed om alaska-husky av meir opphavleg type, av di det ofte ikkje blir skild mellom eldre og nyare typar når nemninga alaska-husky blir nytta.

Alaska-husky

Når det blir sagt at alaska-husky er ein uregistrert rase, er dette ei sanning med modifikasjonar. Det finst ingen raseklubb eller skrivne reglar for avl, men trekkhundmiljøet er stort og internasjonalt, og det blir drive eit nitidig arbeid for å avle fram best moglege hundar til ulike føremål som sprint, mellomdistanse og langdistanse. Det blir òg drive arbeid med registrering av trekkhundar gjennom ei norsk nettside stamtavla Arkivert 2017-05-24 ved Wayback Machine.som etterkvart er vorten mykje brukt internasjonalt, særleg etter Robert Sørlies fyrste iditarodsiger i 2003. Føremålet med dette arbeidet er ikkje å halde ein rase «rein», men snarare å kartlegge eigenskapar i samband med avl og sal av trekkhundar, da særleg alaska-husky og blandingar av denne.